Oppdaga tilfeldig at han stod på kyrkjevalliste i Nordland

Jostein Vedvik (i front) oppdaga ved ein tilfeldighet at han var sett opp på vallista til kyrkjevalet Røssvoll sokn i Rana i Nordland. Her i lag med nokre av kompisane som var med då han vart gjort merksam på listekandidaturet. Bak f.v: Reidar Fugle Nordhaug, Mathias Kastet Johnsen og Øyvind Grime.

Jostein Vedvik (i front) oppdaga ved ein tilfeldighet at han var sett opp på vallista til kyrkjevalet Røssvoll sokn i Rana i Nordland. Her i lag med nokre av kompisane som var med då han vart gjort merksam på listekandidaturet. Bak f.v: Reidar Fugle Nordhaug, Mathias Kastet Johnsen og Øyvind Grime. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Etter ein tilfeldig runde på Google, oppdaga Jostein Vedvik frå Førde at han stod på ei kyrkjevalliste i Nordland.

DEL

– Det er rett og sltt heilt hysterisk morosamt, seier 18 år gamle Jostein Vedvik frå Førde, etter at han ved rein tilfeldigheit oppdaga  at han står på 5.-plass på Nominasjonskomiteens liste til Menighetsrådsvalet i Røssvoll sokn.

Røssvoll sokn ligg i Rana i Nordland, over 1000 kilometer frå Førde. Og der står altså førdianaren, med namn, alder, adresse - men med feil yrke.

– Alt stemmer jo, bortsett frå at eg står oppført som montør, seier Vedvik, som går på Hafstad vidaregåande i Førde.

Klarte ikkje stoppe å le

Oppdaginga gjorde han og nokre kameratar natt til laurdag, då dei tilfeldigvis sat samla og googla kvarandre i jakt på gamle artiklar og anna moro frå fortida.

– Ein av oss oppdaga då at eg var på kirken.no, og etter kort tid fann vi ut eg sto på vallista. Vi braut ut i latter, og klarte nesten ikkje å stoppe å le, seier han.

Valet rett rundt hjørnet

Menigheitsrådsvalet i Røssvoll er 14, september, og slik Vedvik har forstått det, er listene endelege.

– Eg må vel fly opp til Mo i Rana for å starte valkampen då, seier ein lattermild Vedvik.

– Har du hatt noko med dette soknet å gjere, eller kyrkja forøvrig, som kan forklare dette?

– Nei. Eg er jo konfirmert, men der stoppar det, seier Vedvik.

Nær garantert plass

Vedvik står på 5.plass på ei liste på totalt 11. namn. Kandidatane er sett opp i prioritert rekkjefølge, og det skal veljast seks medlemmer, og fem varamedlemmer.

Med andre ord er Vedvik nær sikra plass i menighetsrådet.

– Blir det slik at eg må gå til val no, så skal mi kampsak bli at homofile skal få eksteskapsrett, sier Vedvik,  spent på korleis situasjonen for han vil bli etter valet.

Her står Jostein Vedvik frå Førde oppført som 5. listekandidat til Menighetsrådsvalet i Røssvoll sokn, på heimesidene til Den norske kyrkja.

Her står Jostein Vedvik frå Førde oppført som 5. listekandidat til Menighetsrådsvalet i Røssvoll sokn, på heimesidene til Den norske kyrkja. Foto:

– Eg har jo sjølvsagt vurdert å ringe dei for å sjekke opp i dette. Korleis dei kan ha gjort denne feilen med å få ein 18-åring frå Førde på lista forstår eg ikkje. Det er jo heilt utruleg, seier Vedvik.

– Litt vel langt å reise

Kykjeverje i Rana kirke, Idar Johnsen, ler godt når Firda slår på tråden og fortel om situasjonen til 18-åringen frå Førde.

– Ja, han hadde vel fått vel langt å reise til møta, seier Johnsen, som kan berolige Vedvik; han slepp å bli vald inn i Menighetsrådet i Røssvoll sokn.

– Vi skal få endra dette i kveld, slik at rett namn kjem på stemmesetlane på valdagen. Førehandsstemmene har vi kontroll på. Det er berre éi, seier Johnsen, som fortel at dei også skal fikse rett namn på nettsida i løpet av kvelden.

– Ein må jo berre le av dette, men samstundes er dett noko som ikkje skal skje, legg han til.

Johnsen fortel at han gjennom sine mange år som kyrkjeverje har lagt inn sin del namn til vallistene, men aldri har han opplevd ein liknande situasjon som dette.

– Her er det nok eg som har lagt inn feil. Men det rare er at det heller ikkje har blitt oppdaga av Meinigheitsrådet, seier kyrkjeverjet, som er glad for at dei vart gjort merksam på dette før valet.

– Vi vil be Vedvik om orsaking, og forsikre han om at han kan slappe av no, seier Johnsen.

Artikkeltags