Gå til sidens hovedinnhold

Møt Ivar Nesheim i Nisseland

Artikkelen er over 6 år gammel

Gje han fred på jord og ein sjokolade-marsipangris, så er Førde-guten fornøgd.

Kva gåver håpar du Julenissen gir deg i år?

– Meiner du den oppriktige julenissen, eller familien? Uansett: Fred på jord. Og ein sjokolademarsipangris. Det er eg ganske glad i. Då har vi to balanserte ønsker. Ein uoppnåeleg, og eit oppnåeleg.

Kva barndomsminne har du om nissen?

– Der er eig heilt blank utanom barnehagen. Der hugsar eg at Mai som jobba i Halbrend barnehage var nisse. Ho var den «bad ass» nissen. Ein framferd verd ein Oscar.

I Nisseland

Kvar dag fram til julaftan presenterer vi ein ny person «i Nisseland» og stiller dei nokre skikkeleg julete spørsmål.

 

Vil nissen på låven ha ei framtid med fellesfjøs og snøfrie vintrar?

– Det vil han. Han eksisterer jo i veldig mange land som ikkje har snø, så eg ser ikkje nokon grunn til at han er låst fast klimamessig. Dessutan vil det jo vere snø i Antarktis og på nordpolen, og det er jo der han bur. Om temperaturen i Norge stig eit par gradere, vil ikkje det påverke han. Han reiser dit det ikkje er snø, også.

Bli med i julekalenderen vår og bli med i trekninga av gåvekort kvar dag frå til julaftan.

Bakar du sju sortar?

– Nei! Hahaha. Eg bakar ikkje éin ein gong.

Og julemiddagen består av…?

– Røkt pinnekjøt frå Voss, kokte poteter, pappas kjempegode kålrotstappe og ein juleøl. Akevitt drikk eg ikkje – uff.

Les også: Slik lagar du ein julekalender borna aldri vil gløyme - gratis.

Kor julete er du?

– Veldig når niesa og nevøen min er på besøk, men denne jula skal dei feire med familien til svigerinna min. Det er jo rettferdig, men det er litt leitt. Det blir ikkje skikkeleg jul i huset før ein høyrer barnelatter.

Skjemmer vi bort borna med dyre gåver?

– Det kan gjerne bli litt mykje her, men dei eg er onkel til er jo verdas søtaste jente og verdas kulaste gut. Det må vere opp til kvar familie, men det er klart det jo kan bli urettferdig i forhold til andre.

Den finaste julepresangen du har gitt?

– Det kan eg ikkje røpe før jul, men eg har noko på gang.

Møt dei tidlegare nissane i Nisseland:

Håvard Larsen – Nissen som likar nyttår best

Ole John Berntsen – Konditoren som må ha pinnekjøt med jølstersmak

Kommentarer til denne saken