Dei vekkjer oppsikt på E39

Bilane i "The Barrell Challenge" vekkjer oppsikt på si ferd gjennom fylket.

Bilane i "The Barrell Challenge" vekkjer oppsikt på si ferd gjennom fylket. Foto:

Har du sett ein spesiell kortesje med bilar langs E39 torsdag? Her er forklaringa.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

Torsdag ettermiddag var det svært mange som tipsa Firda om ein heller uvanleg bilkortesje på E39 gjennom fylket. Truleg fleire hundre bilar med spesiell utsjånad passerte gjennom fylket, og ut frå registreringsnummer og reklamemateriell på bilane kjem dei frå Nederland.

Observert på E39

Bilane hadde startnummer påmåla sidene, og mange av køyretøya hadde ekstralys og ikkje minst ekstrakanner med drivstoff liggande på taket. Gjennom ettermiddagen fekk Firda tips om at bilane hadde køyrt på E39 mellom Skei og Sande, på veg sørover.

Ved å studere startnummera nærare viser det seg at bilane deltek i det nederlandske billøpet «The Barrell Challenge». Dette er eit billøp som starta i Nederland 12. februar og dei 170 køyretøya har køyrt gjennom Nederland, Tyskland, Danmark, Sverige og Norge.

Køyrer sørover

Ifølge lokalavisa Driva på Nordmøre skal kortesjen no køyre sørover Vestlandet, og skal etter planen reise frå Stavanger til Hirtshals i Danmark neste veke. Under turen får deltakarane oppgåver dei skal løyse, og alle bilar må vere eldre enn frå 1999.

Artikkeltags