Rolv Magne har fiska i 30 år, men har aldri sett makan

St. Petersfisk fanga inst i Høyangsfjorden av Rolv Magne Tveit.

St. Petersfisk fanga inst i Høyangsfjorden av Rolv Magne Tveit. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Fritidsfiskaren gjorde store auge då han søndag drog garn inst i Høyangsfjorden.

DEL

– Eg har fiska i 30 år, men ein slik fisk som eg fekk i dag, har eg aldri fått før, seier den røynde fjordfiskaren Rolv Magne Tveit frå Høyanger.

Det var søndag føremiddag Tveit fekk det som synte seg å vere ein St. Petersfisk då han drog djupnagarn ved det gamle deponiet inst i Høyangsfjorden.

– Eg vil helst ha litt grov fisk, så eg hadde ute 9,5 omfarsgarn som eg hadde sett på om lag 80 meters djupne.

I tillegg til den noko uvanlege St. Petersfisken fekk Tveit òg 3 torskar, 3 hyser og ein liten sei.

St. Petersfisk

St. Petersfisk, beinfiskart i St. Petersfiskfamilien i ordenen St. Petersfiskar.

Den blir opptil 90 cm lang (hoene størst), har høg og samantrykt kropp, brunleg rygg, og gulaktige, glinsande sider med ein stor, mørk flekk midt på, som etter gamal tru skal vere St. Peters fingermerke.

Det er ein pelagisk art heimehøyrande i Middelhavet og varmare delar av Nord-Atlanteren, og arten vert stundom fanga i sørnorske farvatn.

Den vert fiska ein del i Middelhavet og utanfor Nordvest-Afrika, og fisken vert rekna som særs velsmakande.

Kjelde: Store Norske leksikon


– Eg veit at St. Petersfisk vert fanga oftare no enn før, og at den difor ikkje lenger er så sjeldan som før. Men trass i at fiske er ein viktig hobby for meg, og trass i at eg ofte er på fjorden med garna mine, så er dette første gong eg har fått ein slik fangst.

Men St. Petersfisken vart ikkje med heim att slik som resten av fangsten.

– Fisken var uskadd og sprell levande, så eg slapp den ut at i fjorden. Den har det nok betre der enn i steikepanna heime hjå meg, avsluttar Tveit.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken