Håvard tok reve-selfie

Håvard Larsen fortel av revungen var tam som ein hund.

Håvard Larsen fortel av revungen var tam som ein hund. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Og delte ei flaske brus.

DEL

Søndag ettermiddag var Håvard Larsen på veg heim til Førde med motorsykkel etter å ha vore på flakedans på Søreide i Høyanger laurdag kveld. Då han var komme til Massnes køyrde han forbi ein revunge som gjekk midt i vegen.

– Han såg nesten litt snytt ut for at eg ikkje stoppa. Så eg snudde og køyrde tilbake, fortel Håvard Larsen. 

Larsen køyrde roleg bort mot revungen, stogga motorsykkelen og sette seg ned  i vegkanten.

– Eg strakk ut handa for å sjå om han ville komme bort. Då forsøkte han å bite meg, så eg fann ut det var best å ta på motorsykkelhanskane, seier Larsen og ler.

Tam som ein hund

I ein halvtime sat Håvard Larsen og tulla med revungen.

Revungen var tam som ein hund i følge Larsen.

– Han var så tam som ein hund. Eg har møtt revungar før, og dei brukar vere nysgjerrige. Men ikkje SÅ nysgjerrige, seier Larsen.

Larsen anslår at reveungen berre var nokre veker gamal, og så vidt han kunne sjå var reven aleine. 

– Eg tenkte det var best å ikkje ta så mykje på den om den skulle tilbake til mora.

Delte ei flaske Urge

Det var ikkje berre Håvard Larsen frå Angedalen i Førde som stoppa og tok bilde av den nysgjerrige reven.

– Det var fleire bilistar som køyrde forbi som var nysgjerrige på reveungen. Han verka svolten, og nokre frå Bergen gav han litt hundemat.

Larsen hadde ikkje mykje niste  med seg som han kunne tilby reven.

– Det einaste eg hadde var ei flaske Urge, og den delte vi. Han drakk frå flaska, og såg ut til å vere like glad i Urge som meg.

Håvard Larsen er uroa for framtida til den vesle reveungen.

– Han kjem til å bli nedkøyrd dersom han skal halde fram med å gå å trakke midt i vegen. Då eg køyrde derifrå prøvde eg å skremme han inn i skogen. Eg rusa motorsykkelen ekstra mykje, og då la han på sprang. 

Artikkeltags