– Eg kom ut frå jobb som vanleg og gjekk bort til bilen min som stod parkert utanfor. Då såg eg denne lappen som hang på ruta. Der stod det at bilen var bulka borti, og telefonnummeret på vedkommande som hadde vore uheldig, stod på lappen. Og i det eg hadde sett på den vesle skaden, så kom det plutseleg ein godt vaksen kar småspringande bort til meg. Han hadde sett seg inn på kafeen Venezia for å vente på meg, seier Arve Helle om hendinga etter jobb.
Liten skade
Dei to hadde ein hyggeleg prat etter hendinga, og vart samde i at Helle skulle køyre bilen til verkstad i Dale for å sjekke skaden.
– Det er berre heilt fantastisk å oppleve slikt. Karen i 80-åra frå Førde hadde ikkje samvit til å reise frå plassen, og ville ordne opp for seg med ein gong. Eit fantastisk godt døme på at det finst ærlege sjeler i området. Vi har tidlegare sett at mange har opplevd det motsette. Då er det flott å kunne vise til slike positive hendingar, seier Helle.
Det var Roald Magnussen som bulka borti bilen til Helle. Les hans historie: – Eg vil gjerne gjere opp for meg mens eg er i live!
Positiv respons
Etter hendinga køyrde Helle bilen til verkstad i Dale, og opprettaren fastslo at dette ikkje ville vere nokon stor kostnad.
– Det var ikkje noko bulk, men berre ei ripe som han lett kunne fikse med å lakke om igjen. Og med tanke på det, så er det ekstra flott at den eldre karen var så samvitsfull. Det er slikt som varmar, seier Arve Helle.
Han la deretter opplevinga si ut på Facebook, og fekk raskt mange positive reaksjonar.
– Eg veit ikkje om eg har opplevd maken til respons tidlegare. Over 50 likes på sju minutt, og framleis tikkar det inn heile tida. Det viser seg at ærlege sjeler vert sett pris på, seier Arve Helle.