Kven har fjerna Torsheim si teikning?

– Fylkesbaatane er vår barndom. Eg er ikkje så begeistra over at selskapet ikkje eksisterar lengre, seier Torsheim.

– Fylkesbaatane er vår barndom. Eg er ikkje så begeistra over at selskapet ikkje eksisterar lengre, seier Torsheim. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Oddvar Torsheim si busskur-teikning i Lavik er no vekke. Verken kunstnaren eller vegvesenet veit kvifor.

DEL

– Eg synest at teikninga godt kunne fått stå. I Firenze har dei skulpturar og dekorasjonar i kvart hjørne, men her skal ein ikkje ha for mykje av slikt.

Det seier ein skuffa Oddvar Torsheim. I desember i fjor teikna den kjende kunstnaren Fylkesbaatane Sogn og Fjordane sitt flagg på veggen inne i eit busskur i Lavik. Taggestuntet var i høve ein musikkvideo som mellom anna heidra det gamle reiarlaget Fylkesbaatane, som seinare vart til Fjord1.

Torsheim la då ikkje skjul på at Fylkesbaatane var eit kjært minne. Men no er teikninga hans også berre eit minne. Nokon har fjerna den, men kven?

Vegvesenet anar ikkje

Slik såg busskur-teikninga til Oddvar Torsheim ut.

Slik såg busskur-teikninga til Oddvar Torsheim ut. Foto:

Då Firda skreiv om teikninga i fjor, fortalde Steinar Håvik i Statens vegvesen at dette vart klassifisert som hærverk, sjølv om ein av fylkets store kunstnarar stod bak.

–Torsheim har ikkje fått noko løyve til å dekorere busskuret, det har i så fall gått meg hus forbi, sa Håvik då til Firda.

Men når Firda kontaktar Håvik om den no vekkviska teikninga, er han ikkje sikker på om det er Vegvesenet som har fjerna den.

– Det veit eg faktisk ikkje. Når noko blir oppfatta som tagging har vår driftsentrepenør plikt til å fjerne det. Det kan vere at dei har gjort det, men

Busskuret i Lavik etter at kunstverket er fjerna.

Busskuret i Lavik etter at kunstverket er fjerna. Foto:

det har eg ikkje fått beskjed om, seier Håvik.

Heller ikkje Margot Aase Åsebø i Vegvesenet er sikker. Ho har ansvar for drifta av vegen, men kjenner heller ikkje til at teikninga av Fylkebaatane-flagget er fjerna.

– Vi bestiller ikkje fjerning av tagging i kvart enkelt tilfelle, så det kan vere at entrepenøren har fjerna det, utan at eg kjenner til det, seier ho.

– Eg høyrde Eifeltårnet skulle skruast ned

Og det er eit like stort mysterium for kunstnaren sjølv.

Kan det ha regna vekk?

– Nei, det skal meir til. Teikninga var jo også inne i eit skur, seier Torsheim bestemt.

Nøsteboden har gitt Oddvar Torsheim si bikkje ein sentral plass i Bergen.

Nøsteboden har gitt Oddvar Torsheim si bikkje ein sentral plass i Bergen. Foto:

Dette er sjølvsagt ikkje første gong at eit Torsheim-relatert kunstverk har skapt debatt. Kunstnaren nemner også at det blei rabalder då Stig Eikås sin Torsheim-bauta blei sett opp i Førde, og at den kjende «bikkja» hans blei fjerna frå veggen på Kunstmuseumet i Førde for å så bli sett opp i Bergen.

– Eg høyrde at Eifeltårnet skulle skruast ned dagen etter verdsutstillinga. Det kom ein kar med skrujern. Eg trur han var frå Sunnfjord, seier  kunstnaren spøkefult.

Kunne du tenkt deg å teikne det heile på nytt i busskuret?

Det kunne eg godt ha gjort, om eg får tilbodet. Eg kan teikninga på fingrane. Eg er ikkje ein sånn nattetaggar som snik meg rundt, men dersom eg får tilbodet, så.

Artikkeltags