Slettemark-måleri til 140.000 kroner sporlaust forsvunne

FORSVUNNE: Det er desse Slettemark-måleria som no er borte.

FORSVUNNE: Det er desse Slettemark-måleria som no er borte. Foto:

Av

BERGEN: – Dei blei skrudd ned av veggen og forsvann i løpet av natta, seier kunstansvarleg på UiB.

DEL

I slutten av oktober blei studentane ved institutt for psykologi på Universitetet i Bergen møtt av nakne vegger i instituttets fellesareal. For i løpet av natta hadde nokon forsynt seg av sju måleri frå veggene.

– Då vi kom på jobb ein morgon var dei berre borte. Nokon hadde skrudd dei ned frå veggen, seier leiar for estetisk utval på UiB, Siri Meyer til BA.

20.000 per stykk

Instituttet fekk serien på tolv måleri laget på bestilling av den nå avdøde kunstnaren Kjartan Slettemark. Sju av bilda i serien mangla etter det frekke tjuveriet.

– Vi veit ikkje helt kva som har skjedd, og eg anar ikkje kvifor de blei tatt, seier Meyer.

Ho anslår at akvarellane har ein verdi på 20.000 kroner per stykk. Om dei er lett omsettelege i kunstmarknaden er også uvisst.

– 20.000 kroner er ikkje mykje for eit slikt bilde, men dei har høg kunstnerisk verdi, for Slettemark var ein stor kunstnar.

Opent for publikum

Universitetsdirektør, Kjell Bernstrøm, fortel til Firda at universitetet har som retningslinje å halde bygga opne for studentane.

– Vi har 17.000 studentar som vil brukte dei forskjellige bygga vi har og har som ei retningslinje å ha bygga opne for publikum, seier Bernstrøm.

Bygga som tilhøyrer universitetet har ikkje overvakingskamera og er heller ikkje bemanna til ei kvar tid.

– I helgane må elevane ha studentbevis for å kome seg inn i bygget. Men vi vil no ta ein prat med universitetsstyret om bruk av overvakingskamera, seier Bernstrøm.

Måla med kopp

Måleria kom til på ein noko spesiell måte. I 1996 sto kunstnaren på Muséplassen iført kjole og song «Kjerringa med staven» mens han spruta måling på lerreta med ein kopp. Samlinga fekk derfor namnet «Kjerringa med staven».

Politiet har jobba med kunsttjuveriet sidan det blei stole, men ikkje komne noko nærmare ei løysing. No etterlyser dei tips om kor bilda kan vere eller kven som har utført tjuveriet.

– Eg håper verkeleg de kjem til rette. Det har blitt lagt merke til at dei no er borte, for dei er veldig godt likt med sine sterke fargar. Dei har betydd mykje for dei som jobbar i huset, seier Meyer.

Skulptur stolen i Sverige

Det er ikkje berre ved Universitetet i Bergen det har blitt stole verk av Kjartan Slettemark. Ifølge SVT har ein skulptur laga av Slettemark blitt stolen frå Handelshøgskulen i Göteborg.

– Det er veldig trist at vi har mista kunstverket, fortel Maria Norrström til SVT.

Det var morgonen 13. desember personalet oppdaga at skulpturen, som er av eit kvinnebein, mangla for fundamentet det stod på. Norrström har dette å sei om naustdalskunstnaren:

– Kjartan Slettemark var ein kontroversiell kunstnar og ein pioner i førestillingskunst og kunstaktivisme i åra mellom 1960–70.

Både Universitetet i Bergen og Handelshøgskulen i Göteborg har meldt tjuveria til politiet.

Artikkeltags