Karina får kunstnarstipend på 100.000 kroner

KUNSTNARSTIPEND: Karina Siegmund får BKH-stipendet på 100 000 kroner. Pengane skal ho bruke på ei separatutstilling.

KUNSTNARSTIPEND: Karina Siegmund får BKH-stipendet på 100 000 kroner. Pengane skal ho bruke på ei separatutstilling. Foto:

KUNST: Karina Siegmund skal bruke pengane på ei separatutstilling.

DEL

Karina Siegmund er tildelt Bildende Kunstneres Hjelpefond (BKH)-stipendet på 100.000 kr. Dette opplyser Sogn og Fjordane kunstmuseum i ei pressemelding torsdag.

– Tildeling av årets BKH-stipend går til kunstnaren Karina Siegmund. Siegmund arbeider med installasjonar der ho kombinerer tradisjonelt tekstilhandverk med moderne teknologi i form av nye materialar og audiovisuelle media. Kunstnaren tek utgangspunkt i naturen der ho hentar inspirasjon frå element som vind, vær og lys, skriv Sogn og Fjordane kunstmuseum i pressemeldinga.

BKH-stipendet er eit produksjonsstipend som skal stimulere kunstnarleg verksemd i Sogn og Fjordane.

– Stipendet skal nyttast til å skape eit nytt og ambisiøst verk til hennar separatutstilling i Sogn og Fjordane Kunstmuseum hausten 2019, opplyser museet.

Artikkeltags