Kunstgalleri leitar etter Astrup-måleri

Astruptunet i Jølster var heimen til kunstnaren Nikolai Astrup. Tunet er òg motiv i fleire av måleri hans.

Astruptunet i Jølster var heimen til kunstnaren Nikolai Astrup. Tunet er òg motiv i fleire av måleri hans. Foto:

Av

Astrup-ekspert og førstekonservator ved KODE i Bergen trur mange har Astrup-måleri heime hos seg sjølve. No ber ho folk ta kontakt om dei mistenkjer at dei sit på eit bilete laga av kunstmålaren.

DEL

– Vi har fått inn ein del måleri som etter grundige undersøkingar har vist seg å vere ekte Astrup. Det er svært spanande og vi håper å få inn fleire, seier førstekonservatoren Tove Haugsbø til NRK.

Ifølgje henne kan det vere så mange som 90 Astrup-måleri ein ikkje veit kvar er. Ho trur òg at fleire av dei ukjende Astrup-måleria kan vere i utlandet. Ho viser mellom anna til Danmark og USA.

– I 1927 fekk Astrup ein førespurnad frå ein forfattar som ville skrive ei bok om kunstnaren. I den samanheng laga Astrup ei liste over nokre av verka sine. Lista var på 101 måleri, men mange av desse har aldri vore identifiserte, fortel Haugsbø.

Leitinga etter dei ukjende verka er ein del av det omfattande prosjektet «Catalogue raisonné» ved KODE, som vil munne ut i ein digital katalog over alle Astrups måleri, brev og kunst.

Artikkeltags