UKM i «Sunnfjord»: Desse får reise til Høyanger

DANS: «Lacuna» frå Førde med Hedda Marie Lid Håvik, Ingrid Anie Natvik Tvedt, Sophie Bruland, Synnøve Kvangarsnes Løland, Thea Kvangarsnes Løland, Vilde Blindheim Bjørnetun er mellom Sunnfjord-ungdomane som får reise til UKM-festivalen i Høyanger.

DANS: «Lacuna» frå Førde med Hedda Marie Lid Håvik, Ingrid Anie Natvik Tvedt, Sophie Bruland, Synnøve Kvangarsnes Løland, Thea Kvangarsnes Løland, Vilde Blindheim Bjørnetun er mellom Sunnfjord-ungdomane som får reise til UKM-festivalen i Høyanger. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SUNNFJORD: Fredag kveld var det UKM-mønstring i Førdehuset for kommunane Jølster, Gaular, Naustdal og Førde.

DEL

Deltakarane var fordelte over 15 sceneinnslag, 41 kunstinnslag fordelt på 21 kunstnarar. I tillegg deltok 17 Sal og scene frå 9. trinn ved Førde ungdomsskule som unge arrangørar ved lokalmønstringa, heiter det i ei pressemelding frå arrangøren.

Fagpanelet besto av leiar Katrine Sele, Erlend Os, Josefine Horstad Øverås, Kristine Berg, Karen Helga Maurstig og Gregory Idehen.

Imponerande

– Det har vore ei stor glede å oppleve dei 65 ungdomane som har delteke med kunstverk eller sceneframføring. Alle har synt at dei har noko dei vil ha sagt til vera. Å ta skrittet og faktisk gjere det, er imponerande og inspirerande, skriv juryen i pressemeldinga.

Deltakarane synte stor musikalitet, danseglede, kunstnerisk kreativitet, innleving og mot som gjer inntrykk og rører ved hjartet, heiter det vidare.

– Ei kjelde til glede og styrke

– Fleire vender tilbake til UKM år etter år, og juryen ser at desse utøvarane veks med erfaring, vert meir modne og utviklar sitt eige særeigne uttrykk. Musikken, kunsten eller dansen har meir og meir blitt ein del av kvardagen deira. Vi håper alle som deltok, held fast ved kunsten, og lar den vere ei kjelde til glede og styrke resten av livet, skriv juryen.

Fagpanelet har bestemt at følgjande innslag skal representere Førde, Jølster, Naustdal og Gaular på UKM-festivalen i Høyanger 13.–15. april.

Gaular:

Kunst:

Victoria Santistevan, «Animie»

Mona Lene Bjørvik «Montebresia»

Scene:

Sara Rose Zadig Sang og piano «People help the people».

Naustdal:

Scene:

Sunniva Johannessen Piano « Melankolsk fisk»

Synnøve Skjærli, Song og gitar «In case you didn't know»

Anne-Bjørg Ryssdalsnes Dombestein, Song, «Sorry»

Kunst:

Cathrine Helen Ravnøy Ulvnes «Jødiske barnesko frå 2. verdskrig»

ENKELT OG STERKT: «Jødiske barnesko frå 2. verdskrig» av Cathrine Helen Ravnøy Ulvenes (Naustdal). Ungdomens kulturmønstring (UKM) Lokal for Førde, Jølster, Gaular og Naustdal i Førdehuset fredag 2. mars 2018.

ENKELT OG STERKT: «Jødiske barnesko frå 2. verdskrig» av Cathrine Helen Ravnøy Ulvenes (Naustdal). Ungdomens kulturmønstring (UKM) Lokal for Førde, Jølster, Gaular og Naustdal i Førdehuset fredag 2. mars 2018. Foto:

Una Claussen Thingnes 1850

Førde:

Kunst:

Thale Eliassen Fink, «Lomme-venar»

Marius Dyngen «Powered by pi»

Ingrid Bolstad «Barn»

Jenny Heggheim Myklebust «Heim»

Scene:

Lacuna, Dans 5AM, med Hedda Marie Lid Håvik, Ingrid Anie Natvik Tvedt, Sophie Bruland ,Synnøve Kvangarsnes Løland ,Thea Kvangarsnes Løland, Vilde Blindheim Bjørnetun

Ivan Lorenzo Brendø

Song: You are the reason

Tobias Tyssedal Pastén

Gitar: Vicarious

Boys with the toys.

Song Strutter, Med Aksel Bjørkhaug (gitar), Andreas Flatjord (keyboard), Magnus Furnes Deknepoll (vokal, og gitar), Noah Løkeland (trommer), Ola Indrebø (bass)

Martin Kriken

Saksofon, Spain

Jølster:

Kunst:

Sara Båtevik «Blå auge»

Artikkeltags