Teaterfestivalen vann Fylkeskulturprisen. – Gjævt for oss alle

ARRANGØRANE: Miriam Prestøy Lie, Ingrid Hansen og Torkil Sandsund Lie arrangerer Teaterfestivalen i Fjaler.

ARRANGØRANE: Miriam Prestøy Lie, Ingrid Hansen og Torkil Sandsund Lie arrangerer Teaterfestivalen i Fjaler. Foto:

FJALER: Teaterfestivalen i Fjaler har fått fylkets gjævaste kulturpris.

DEL

– Dette er veldig gjævt for alle som er med å lage festivalen, både oss som jobbar med den til dagleg, og men også heile bygda som er med å lage festival.

Det seier Miriam Prestøy Lie, som arrangerer festivalen saman med sambuaren Torkil Sandsund Lie og Ingrid Hansen.

Seks år på rad har dei fylt Dale med teater og scenekunst på høgt nivå. Teaterfestivalen har vore nominert til fylkeskulturprisen fleire gonger tidlegare.

Spesielle Dale

Med prisen følger også 50.000 kroner. Miriam Prestøy Lie seier pengane skal gå til noko gøy.

– Først og fremst er jo dette heider og ære, i godt selskap med tidlegare verdige prisvinnarar. Eg veit ikkje kva vi skal bruke pengane på enno. Men vi må bruke dei på ein måte som dryp tilbake på alle i bygda, som er med å lage festivalen. Pengane kjem ikkje til å gå inn i festivalen sitt driftsbudjsett. Dei skal brukast på noko gøy, seier ho.

Teaterfestivalen blei arrangert for første gong i 2013, då med sju framsyningar. Årets festival kunne by på 24 framsyningar, og sette meir enn 150 frivillige i sving.

– Å starte ein teaterfestival, og det på ein liten plass, må kunne kallast ambisiøst. Kva har de gjort rett?

– Dale er ikkje kva slags som helst liten plass, og bygger på ein tradisjon av å satse ambisiøst og på nyskapande ting. Då vi starta festivalen, fekk vi straks med oss bygda, folk stilte på dugnad og vi såg at dette var noko som folk ville ha, og som vi kunne få til med alle kreftene som finst i Dale. Sidan har det berre vakse. Vi har fått betre infrastruktur og betre scener, seier Prestøy Lie.

Planen lagt for neste år

Arrangørane er allereie i gang med å planlegge festivalen i 2019 og i 2020.

– Vi pleier å legge programmet for neste år ganske raskt etter festivalen er overstått. Det er eigentleg ein heilårsjobb, sjølv om vi av og til kallar det ein hobby, seier ho.

Prisen får dei under fylkestinget 4. desember.

Det er 39. gongen fylkeskommunen deler ut prisen. 33 enkeltpersonar har fått prisen opp gjennom åra. 16 av desse har fått den åleine, medan dei andre har delt den med andre personar/lag/organisasjonar.

Artikkeltags