Statsministeren brukte eit nytt ord i talen - no er det kåra til årets nyord

I nyttårstalen 1. januar snakka statsminister Erna Solberg om at kvardagsvala våre gir kvardagsintegrering: – Har du eit ekstra sete i bilen slik at flyktningbarna også kan vere med på fotballtrening? Har du moglegheit til å melde deg som verje eller vere fosterforeldre for eit barn? Kan du som er arbeidsgivar innkalle personar med utanlandsk namn til jobbintervju?

I nyttårstalen 1. januar snakka statsminister Erna Solberg om at kvardagsvala våre gir kvardagsintegrering: – Har du eit ekstra sete i bilen slik at flyktningbarna også kan vere med på fotballtrening? Har du moglegheit til å melde deg som verje eller vere fosterforeldre for eit barn? Kan du som er arbeidsgivar innkalle personar med utanlandsk namn til jobbintervju? Foto:

Av

Statsministeren snakka i nyttårstalen sin om den daglege innsatsen folk gjer for å inkludere flyktningar og asylsøkarar. Ho samanfatta det i eitt ord: kvardagsintegrering.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

Kvart år kårar Språkrådet og Gisle Andersen, professor ved Noregs handelshøgskole (NHH), årets ord. Det kan vere eit nyord eller ord av nyare dato som har prega året.

Vanskeleg val

– Vi hadde hundrevis av kandidatar på lista, men det var ikkje eigentleg eit vanskeleg val i år. Kvardagsintegrering blei brukt første gong i år allereie 1. januar. Deretter blei det teke i bruk av mange ettersom flyktningar og integrering var eit tilbakevendande tema, seier seniorrådgivar Ole Våge i Språkrådet til NTB.

Det var statsminister Erna Solberg (H) som introduserte omgrepet i nyttårstalen:

– Det blei katapulten for ordet. Det har så vidt blitt brukt før, men det er blitt eit 2016-ord. På mange måtar er det ei vidareføring av 2015-ordet flyktningdugnad, som var innsatsen, primært frå kommunane si side, for å få på plass mottak og tilbod i fjor. I år har vi komme eit skritt vidare, seier Våge.

Utvikling

Språket er i konstant utvikling, i takt med samfunn og teknologi. Det dukkar opp behov for nye omgrep, skildrande og lettfattelege, i takt med utviklinga. Lista frå Språkrådet inneheld ytterlegare ni ord og frasar som ekspertane meiner peikar seg ut som skildrande for språkutviklinga i 2016.

– Vi har med motsatsen til kvardagsintegrering, parallellsamfunn, som skildrar situasjonen der integrering ikkje blir gjennomført og ein kultur eller etnisitet dominerer eit område utan å bli integrert, seier Våge.

Professor Andersen strekar under at det er viktig å sjå heile lista under eitt:

– Som heilskap gir den eit samla bilde av 2016, ei slags komprimert noregshistorie for året som gjekk.

Eit anna fenomen som har prega Noreg i eit par år er ungdomsserien «Skam», som verkeleg har teke av i 2016:

– Uttrykket lø er med. Det er ikkje heilt nytt blant ungdom, men med «Skam» er ungdomsspråket blitt allemannseige, seier Våge.

– Vi kunne laga ei heil ordliste berre basert på «Skam». Men lø blei valt fordi det er så språkleg interessant. Vi veit ikkje heilt opphavet, truleg er det arabisk, men det kan vere noko så sjeldan som eit nytt, norsk ord, seier Andersen.

Mørk utvikling

I utveljinga blir det brukt dataverktøy utvikla av forskingsselskapet Uniresearch, som fangar opp nye ord frå mange store riks- og regionaviser. Nokre ord dukkar først opp i akademisk og politisk samanheng, kanskje i kronikkar og debattinnlegg, før det spreier seg i daglegtale. Ord som formidlingsøkonomi og postfaktuell hamnar kanskje i den kategorien.

– Så har vi sjølvsagt nye ord på utviklingsfenomen vi kunne vore forutan, og i år har vi «det mørke nettet» som døme på det, seier Våge.

Eit spørsmål ein må stille seg, er om eit ord er komme for å bli, eller om det er ei døgnfluge, som pokéstopp, som er på årets toppliste.

– Skremmeklovn kom derimot ikkje med fordi vi meiner det er eit lite vesentleg fenomen, men vi var usikre. Min personlege favoritt i år er fleksitarianar. Det ordet var det behov for. Det er lettfatteleg og trenden rundt kjem berre til å vekse, spår Våge.

Artikkeltags