Kjem til Utvær og Geita

I tidsrommet 14. juli til 12. august reiser det gamle fyrforsyningsskipet Gamle Oksøy på tokt langs norskekysten.

I tidsrommet 14. juli til 12. august reiser det gamle fyrforsyningsskipet Gamle Oksøy på tokt langs norskekysten. Foto:

Heretter skal du få vite meir når du besøkjer dei freda fyrstasjonane.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Det gamle fyrforsyningsskipet «Gamle Oksøy» er på tokt langs norskekysten for å plassere ut skilt med informasjon og formidling på 34 freda fyrstasjonar frå Egersund til Kirkenes. Dei neste dagane besøker skipet Utvær og Geita fyr i Sogn og Fjordane.

Skal bøte på manglande kunnskap

– Når du kjem til ein fyrstasjon, anten med båt eller til fots, finn du i dag lite eller ingen informasjon til publikum om historia til fyret, kvifor det er der eller at du faktisk er kommen til eit nasjonalt kulturminne som staten eig og har ansvaret for, seier Odd Nordahl-Hansen, som er skipper på «Gamle Oksøy».

– Vi er sikre på at opplevinga blir veldig mykje betre dersom publikum lærer noko om lokale forhold knytt til navigasjon, teknologi og historier frå fyrstasjonen i tidlegare tider.

Ingen skjemmande inngrep

Ifølgje ei pressemelding frå Kystverkmusea lovar Nordahl-Hansen at Skiltinga ikkje skal krevje store inngrep og ikkje skal skjemme horisont og bygningar. Ved å nytte betong spelar dei på eit materiale som det frå før av er mykje av på norske fyrstasjonar. Sjølve informasjonen er trykt på aluminiumsplater som vert festa til betongen.

Arkitekt i Kystverket, Arild Fredriksen, som også er biletkunstnar, illustrerer tekstane med bilde og kart.

– Det har vore viktig å ta omsyn til både natur og bygningar på dei freda stasjonane, og gje nyttig og interessant informasjon utan å skape unødvendig støy. I tillegg er ein kombinasjon av informasjon og kulturelle inntrykk i form av biletkunst veldig spennande, seier filmfotograf Jan Robert Jore, som er med på delar av toktet for å dokumentere formidlinga.

Det er Kystverkets etatsmuseum Kystverkmusea som står bak toktet, og mannskapet er frivillige frå skipets venneforeining. På facebook-sida til Kystverkmusea kan du følgje toktet og lese meir om fyra og andre kulturminne på www.kystreise.no

Artikkeltags