Sogn og Fjordane Teater auka i publikumstalet i 2017

SUKSESS: Claus Sellevoll og Idun Losnegård i Sogn og Fjordane Teater si oppsetjing «Evig ung», som vart ein publikumssuksess.

SUKSESS: Claus Sellevoll og Idun Losnegård i Sogn og Fjordane Teater si oppsetjing «Evig ung», som vart ein publikumssuksess. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

KULTUR: Kring 18.000 besøkte Sogn og Fjordane Teater i fjor. Dei kan også vise til eit positiv økonomisk resultat.

DEL

– Fjogningane er glade i teateret sitt!

Det seier Lene Grande, informasjon- og marknadssjef i Sogn og Fjordane teater i ei pressemelding.

Fulle hus på «Evig ung»

Fylkesteateret hadde 223 framsyningar på 60 forskjellige spelestadar i 2017. Dei presenterte tolv ulike titlar, der seks av dei var eigenproduksjonar.

Den største publikumssuksessen var «Evig ung», som teateret valde å lage sin eigen versjon av, og turnerte med.

– Resultatet vart fulle hus og om lag 3400 selde billettar, seier Grande.

Teateret har også synt tre framsyningar i Den kulturelle skulesekken Sogn og Fjordane. Stykka «Privattimen», «Fugletribunalet» og «Invasjon» vart sett av 5300 elevar på ungdomsskulen og i den vidaregåande skulen, i tillegg til om lag 3000 på dei opne framsyningane.

Gjekk i overskot

Det årlege Kinnaspelet vart ein nedtur publikumsmessig.

– Sjeldan har det vore våtare og kaldare på den historiske spelestaden. Dette gjekk utover besøkstalet. 1500 såg spelet, ein nedgang på 1000 samanlikna med tidlegare år, seier Grande.

Totalt enda Sogn og Fjordane teater med eit overskot på 278.599 kroner.

– Vi er no godt i gang med 2018, og har ikkje tenkt å kvile på laurbæra.

Artikkeltags