Sogn og Fjordane toppar statistikken i Den kulturelle skulesekken

– Vi har dei siste åra jobba særleg med å balansere tilbodet i skulesekken med ulike kunst- og kulturuttrykk, seier DKS-koordinator Øyvind Høstaker i Sogn og Fjordane Fylkeskommune.

– Vi har dei siste åra jobba særleg med å balansere tilbodet i skulesekken med ulike kunst- og kulturuttrykk, seier DKS-koordinator Øyvind Høstaker i Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Foto:

Av

Sogn og Fjordane er på førsteplass på Norsk kulturindeks 2018 når det gjeld tilbodet i Den kulturelle skulesekken (DKS). Indeksen er basert på breidda og omfanget i DKS-tilbodet totalt for alle kommunane i fylket.

DEL

– Vi jobbar mykje med å gje elevane i Sogn og Fjordane eit så godt og variert kunst- og kulturtilbod som mogleg. Då er det kjekt å sjå at arbeidet gjev resultat. Dette var stas, seier DKS-koordinator i Sogn og Fjordane, Øyvind Høstaker i ei pressemelding frå fylkeskommunen.

Norsk kulturindeks måler heile DKS-tilbodet i fylket, både det som blir formidla av kommunane og av fylkeskommunen. Fylkeskommunen står for det største tilbodet og formidlar turnear til både grunnskule og vidaregåande opplæring.

Høstaker fortel at skulesekken i fylkeskommunen dei siste åra har jobba særleg med å balansere tilbodet i skulesekken med ulike kunst- og kulturuttrykk. Eitt av tilboda er at alle elevane på niande steg kvart år får ein DKS-dag på det næraste museet. Dei har òg jobba for å få inn fleire filmar, då denne sjangeren tidlegare var underrepresentert i tilbodet.

Den kulturelle skulesekken (DKS) er ei nasjonal satsing som skal bidra til at alle elevar i grunnskulen og den vidaregåande skulen får møte, gjere seg kjent med og utvikle forståing for profesjonell kunst og kultur av alle slag.

Artikkeltags