Det ti år gamle Førde-koret fekk i oppdrag å stå for det meste av musikken under den katolske messa i Santuario Madonna della Corona. Kyrkja ligg midt oppe i ei stupbratt fjellside, og messa var full av pilegrimar og andre besøkande.
Kyrkja i Madonna della Corona i fjellkjeda Monte Baldo på austsida av Gardasjøen er både ein viktig heilagdom – og ein populær turistattraksjon. Eremittar søkte opp i det utilgjengelege fjellet her for 1000 år sidan, og i mellomalderen vart det etablert eit klostersamfunn. Madonna della Corona vart mål for pilegrimar etter at ein Madonna-figur som tilhøyrde korsfararane på Rhodos, på mystisk vis vart transportert opp dit.
Utanom det vanlege
Det er ikkje vanleg at utanlandske kor får delta i messa i denne spesielle kyrkja, som mellom anna har hatt offisielt besøk av pave Johannes Paul II. Men ved hjelp av ein lokal kontakt til koret sitt reisebyrå fekk Kor Før’de tilbod om å erstatte den lokale organisten og ha det musikalske ansvaret for messa.
Kyrkja var så full at mange måtte nøye seg med ståplass, då koret framførde Frode Alnæs sin mektige komposisjon «Vita Lux» på latin og norsk som preludium. Koret fekk også synge under utdelinga av nattverden. Ved avslutning av messa stilte koret seg opp framfor kyrkjelyden og avslutta med «Gloria» frå «Messe for en såret jord». Etter sluttnummer med den nasjonalromantiske songen «Å eg veit meg eit land» fekk songarane spontan applaus frå dei 500 tilhøyrarane.
Eit høgdepunkt
Messa i Madonna della Corona var musikalske høgdepunktet for dei 36 koristane frå Førde under jubileumsturnéen til Nord-Italia.
– Dette var sterkt. Fantastisk. Ei veldig spesiell oppleving, kommenterte fleire av kor-medlemmene då dei samlast for fotografering på kyrkjebakken etter messa.
Ektefellar og sambuarar, som deltok på turen, var også bevega etter det dei hadde opplevd.
Fleire av dei som hadde deltatt i messa, tok kor-medlemer i handa og takka for songen. Kor Før’de fekk også offisiell takk frå den katolske presten som hadde ansvaret for messa.
Besøkte sju byar
Kor Før’de fekk oppleve Gardasjøen frå si beste side under opphaldet i siste veka av september. Med temperaturar på over 20 grader var det fint å kunne synge både innandørs og utandørs. Turneen var lagt opp som ei kulturell reise med guiding og besøk i dei idylliske småbyane som omkransar Lago di Garda: Sirmione, Malcesine, Riva del Garda, Garda og Desenzano.
Koret hadde konsert på torget i Desenzano, som også var base for opphaldet. Vidare var det konsert på torget i Garda for fastbuande og turistar, saman med det lokale folkemusikk-koret Coro la Rocca.
Romeo og Julie
Ein ettermiddag gjekk turen til Bergamo, midt mellom Gardasjøen og Milano. Her deltok koret i messa i majestetiske Chapel Bergamo og hadde deretter ein mini-konsert i kyrkja.
Siste dag var det besøk i Verona, som ikkje minst er kjent for sitt store romerske amfiteater, marknadsplassen Piazza Erbe og gata der Romeo skal ha sunge opp til Julie på balkongen - i følgje den berømte legenda.
Kor-turen vart avslutta med fem retters festmiddag, inkludert eksklusiv vinsmaking, på vingarden Enoteca della Valpolicella utanfor Verona.
Jubileumskonsert 1. november
Søndag 1.november inviterer Kor Før’de til jubileumskonsert i Førdehuset.
Blandakoret vart starta av Malgorzata Tveit i 2005. I dag har koret 41 medlemer, fordelt på 18 sopranar, 12 altar, 5 tenorar og 6 bassar.
Jorunn Bakke Nydal har vore dirigent dei siste åra. Leiar i jubileumsåret er Anne Finnsveen Midtbø.
Arrangert for Kor Før'de
10-årsjubileet blir markert på ulike måtar dette året. I slutten av mai var Kor Før’de vertskap for songarstemne i Førdehuset med 10 kor frå Hordaland og Sogn og Fjordane. Italia-turen var også ein del av markeringa.
På jubileumskonserten i Førdehuset 1. november vil koret framføre mykje av det same repertoaret som vart brukt i Italia. Fleire av songane er arrangert spesielt for koret av komponist og pianist Tove Kragset, som også skal delta på konserten. I tillegg medverkar gitarist Øyvind Lyslo med fleire.