Kortreiste artistar på Malakoff-scena i år

TIL FESTIVALEN: Øvst frå venstre, Sofia og Sjur. Nedst frå venstre Oselie og Eva. Alle spelar konsertar på Nordfjordeid i sommar.

TIL FESTIVALEN: Øvst frå venstre, Sofia og Sjur. Nedst frå venstre Oselie og Eva. Alle spelar konsertar på Nordfjordeid i sommar. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

EID: Festivalstyret har offentleggjort namn på artistane frå fylket som skal delta på festivalen.

DEL

Eva Weel Skram frå Sogndal, Sjur Kristian Gimmestad frå Gloppen, Sofia Hyttedalen frå Gloppen og Oselie Henden frå Eid skal representere Sogn og Fjordane under årets musikkfestival på Nordfjordeid.

Eva Weel Skram (32) har halde på nokre år og er eit kjent namn for dei fleste. Ho vart først kjend som deltakar i tv-programmet Idol. Seinare har ho turnert med bandet Eva & the heartmakers. Mange av dei små hugsar ho kanskje frå melodien til ein julekalenderserien Snøfall. I det siste har ho turnert mest under sitt eige namn og på sitt eige språk, og gjestar i år festivalscena i Nordfjord for ein familiekonsert på laurdagen.

Sjur Kristian Gimmestad (28), eller berre Sjur som han brukar som artistnamn, har slått seg stort opp på musikkstrøyming. Den mest populære songen hans har i skrivande stund blitt spelt nesten åtti millionar gonger på Spotify. Sjur leverer elektronisk pop og remiksar av kjende songar.

Sofia Hyttedalen (17), eller berre Sofia som ho brukar som artistnamn, har gjort seg kjend som svært dyktig songar og komponerer og eigne songar. Ho fekk talentprisen i Lutt-konkurransen i år.

Oselie Henden (14), eller berre Oselie som ho brukar som artistnamn, vann Melodi Grand Prix Junior i fjor med sin eigenkomponerte song Verda vår. Ho er ingen nykommar og gjorde seg tidleg kjend som talent i songkonkurransar slik som Ungdommens kulturmønstring.

Dersom ein skal dømme etter oppslutnaden som forgjengarane og sambygdingane hennar fekk på festivalscena i fjor, er det god grunn til å vente seg god stemning på konserten.

Her kan du sjå ei kort oversikt over kva andre artistar som gjestar festivalen.

Artikkeltags