To sunnfjordingar nominerte til Spellemann – sjå heile lista her

KAN VINNE: Erlend Apneseth er nominert i Open klasse, medan Kristian Eivind Espedal og bandet Gaahl i Metal.

KAN VINNE: Erlend Apneseth er nominert i Open klasse, medan Kristian Eivind Espedal og bandet Gaahl i Metal. Foto:

Av

Sigrid hausta flest nominasjonar då dei Spellemann-nominerte vart offentleggjort fredag formiddag – med namna opplese av nybakt kulturminister Abid Rajah.

DEL

– Dette var stas. Veldig kult å bli anerkjent for all den jobben vi har lagt ned dei siste åra, seier Sigrid til NTB.

Ho er nominert heile fire gonger – i gjæve klassar som Årets album og Årets låtskrivar og Årets låt, så vel som i popartistkategorien.

Resultatet får ho og dei andre nominerte vite laurdag 28. mars i Chateau Neuf i Oslo. Sigrid var på farten og ikkje til stades fredag. Men ho er eit døme på det Raja trekte fram:

– På tvers av mange sjangrar er norsk musikk i verdsklasse, sa Venstre-statsråden før arrangementet på fredag.

Urbanheltar

Karpe-gutane Magdi og Chirag haustar tre nominasjonar for sitt «SAS Plus / SAS Pussy»-prosjekt – i Årets album, i urbankategorien og saman i Årets låtskrivar. I urban konkurrerer dei to 35-åringane som reine gudfedrar mot den ti år yngre generasjonen under, i form av Dutty Dior, Isah og Lil Halima.

Dutty Dior og Isah er saman nominert til Årets låt med «Hallo». Kvar for seg hankar dei inn nominasjonar for dei respektive utgivingane sine «Pará / Normal» og «Sukkerspinn & Hodepine», og som Årets gjennombrotsartistar som kan vinne 250.000 kroner i Gramostipend.

Gjennombrotsnominerte artistar er vidare girl in red, Bokassa, rockarane i brenn og indiebandet Pom Poko. Dei to sistnemnde har òg nominasjonar i respektive sjangerkategoriar.

Trippel for Arif og Gabby

Arif har tre nominasjonar, det same har Gabrielle. Fleire med to nominasjonar er Signe Marie Rustad, bandet No. 4 med tekstforfattar Emilie Christensen og dessutan Ruben.

Også folkemusikaren Helga Myhr er dobbeltnominert – og skal konkurrere mot seg sjølv i klassen for folkemusikk og tradisjonsmusikk. Der er ho nominert både for si eiga utgiving og med gruppa Morgonrode.

Frida Ånnevik er nominert i tekstforfattarklassen for sine gjendiktingar av engelskspråklege låtar til norsk – noko som også fekk ho nominert i viseklassen.

46 år etter

Der møter «Hver gang vi møtes»-aktuelle Ånnevik på veteranen Benny Borg, som har ein ny Spellemann-sjanse – 46 år etter at han vart prisa som årets mannlege popartist. Han hausta ytterlegare to nominasjonar på slutten av 70-talet, og gjorde comeback som plateartist etter 20 år i 2016. I fjor slapp han oppfølgjaren «En dag på jorden».

I kampen om Årets låt-heideren går spennvidda frå MGP-vinnar Keiino med «Spirit in the Sky» til Nicolay Ramms humorsong «Raske briller».

Barnemusikk

* Even Jenssen for «Over byen»

* Maria Solheim og Silje Sirnes Winje for «Bråkebøttebaluba»

* Mr. E & Me for «New Orchestral Hits 4 Kids»

* Så Rart! for «På havets bunn»

Blues

* Busk, Eriksen, Sjøstrøm for «Hustle & Flow»

* Håkon Høye for «Nights at the Surf Motel»

* Ledfoot for «White Crow»

* Viktor Wilhelmsen for «Knip igjen øyan»

Country

* Jonas Fjeld & Judy Collins for « Winter Stories»

* Jørund Vålandsmyr & Forsamlinga for «Til dere som er lykkelige»

* Signe Marie Rustad for «When Words Flew Freely»

* Unnveig Aas for «Young Heart»

Elektronika

* André Bratten for «Pax Americana»

* Carmen Villain for «Both Lines Will Be Blue»

* Chmmr for «Try New Things»

* Prins Thomas for «Ambitions»

Folkemusikk/Tradisjonsmusikk

* Hans Fredrik Jacobsen for «Øre»

* Helga Myhr for «Natten veller seg ut»

* Moenje for «Klarvær»

* Morgonrode for «Morgonrode»

Indie/Alternativ

* Kongle for «Skogen»

* Konradsen for «Saints and Sebastian Stories»

* Pom Poko for «Birthday»

* Tuvaband for «I Entered the Void»

Jazz

* Elephant9 for «Psychedelic Backfire I»

* Gard Nilssen Acoustic Unity for «To Whom Who Buys A Record»

* Maria Kannegaard for «Nådeslås»

* Mats Eilertsen Trio for «And Then Comes The Night»

Klassisk

* Eldbjørg Hemsing for «Tan Dun: Fire Ritual»

* Lise Davidsen for «Richard Strauss: Four Last Songs / Wagner: Arias from Tannhäuser»

* Oslo Filharmoniske Orkester for «Mahler Symphony No. 3»

* Vilde Frang for «Paganini & Schubert: Works for violin & piano»

Metal

* Gaahls WYRD for «GastiR – Ghosts invited»

* Kampfar for «Ofidians Manifest»

* SÂVER for «They Came With Sunlight»

* Sibiir for «Ropes»

Popartist

* Bendik for «Det går bra»

* Gabrielle for «Snart, Gabby»

* Ruben for «Melancholic»

* Sigrid for «Sucker Punch»

Popgruppe

* Fieh for «Cold Water Burning Skin»

* Highasakite for «Uranium Heart»

* No. 4 for «Duell»

* Seeb for 2019-produksjonen

Rock

* Backstreet Girls for «Normal is Dangerous»

* brenn. for «Elsker»

* Erlend Ropstad for «Brenn siste brevet»

* Spielbergs for «This Is Not The End»

Samtid

* Cikada, Lars Petter Hagen for «Hagen: Harmonium Repertoire»

* Peter Herresthal, Oslo Filharmoniske Orkester, Clémént Mao-Takacs for «Kaija Saariaho – Graal Théâtre etc.»

* Øyvind Torvund for «The Exotica Album»

* Hvoslef Chambermusic Project for «Hvoslef Chamber Works No. VI»

Urban

* Dutty Dior for «Pará / Normal»

* Isah for «Sukkerspinn & Hodepine»

* Karpe for «SAS Plus/SAS Pussy»

* Lil Halima for 2019-produksjonen

Viser

* Asbjørn Ribe for «Blått & grønt & gult»

* Benny Borg for «En dag på jorden»

* Frida Ånnevik for «Andre sanger»

* Hekla Stålstrenga for «Elske og ære»

Open Klasse

* Deathprod for «Occulting Disk»

* Erlend Apneseth Trio for «Salika, Molika»

* Ståle Storløkken for «The Haze Of Sleeplessness»

* Susanna & the Brotherhood of Our Lady for «Garden of Earthly Delights»

Årets album

* Arif med «Arif in Waanderland»

* Gabrielle med «Snart, Gabby»

* Karpe med «SAS Plus / SAS Pussy»

* Sigrid for «Sucker Punch»

Årets Gjennombrot og Gramostipend

* Bokassa

* brenn.

* Dutty Dior

* girl in red

* Isah

* Pom Poko

TONOs Komponistpris

* Eirik Hegdal for «Musical Balloon»

* Helge Iberg for «Helge Iberg: Songs from the Planet of Life»

* Maja S.K. Ratkje for «Sult»

* Cecilie Ore for «Come to the Edge!»

Årets låt

* Arif med «Hvem er hun»

* Isah/Dutty Dior med «Hallo»

* Keiino med «Spirit in the Sky»

* Kygo feat. Store P og Lars Vaular med «Kem kan eg ringe»

* Nicolay Ramm med «Raske Briller»

* Rat City feat. Isak Heim med «Kind Of Love»

* Ruben med «Lay By Me»

* Sigrid med «Don't Feel Like Crying»

Årets Låtskrivar

* Gabrielle Leithaug for «Snart, Gabby»

* Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid og Chirag Rashmikant Patel i Karpe for «SAS Plus/ SAS Pussy»

* Lars Reiersen for Larsivelis 2019-utgivingar

* Sigrid Solbakk Raabe for «Sucker Punch»

Årets Musikkvideo

* Anna of the North (Noah Lee) for «Leaning On Myself»

* Bigbang (Lasse Gretland) for «Bells»

* boy pablo (Julian Vargas, Bjarne Anmarkrud og Harry Hambley) for «Feeling Lonely»

* Lars Vaular (onzonz) for «Kroppsspråk»

Årets Produsent

* Aksel Carlson

* Cashmere Cat for eigne 2019-låtar

* Martin Sjølie

* Morten Gillebo

Årets Tekstforfattar

* Arif Salum for «Arif i Waanderland»

* Frida Ånnevik for «Andre sanger»

* Emilie Christensen frå No. 4 for «Duell»

* Signe Marie Rustad for «When Words Flew Freely»

Artikkeltags