Ronny (33) skal leie Melodi Grand Prix

MGP: (F.v.) Kåre Magnus Bergh, Ingrid Gjessing Linhave og Ronny Brede Aase.

MGP: (F.v.) Kåre Magnus Bergh, Ingrid Gjessing Linhave og Ronny Brede Aase.

Ingrid Gjessing Linhave, Kåre Magnus Bergh og Ronny Brede Aase skal leie årets MGP.

DEL

– Det er ekstremt stas å få vere med på laget når MGP fyller 60 år. Eg ser føre meg at det blir eit fantastisk morosamt jubileum, og eg drøymer om å formidle entusiasmen eg føler for MGP til TV-sjåarane, seier Ronny Brede Aase i ei pressemelding.

Han elskar Melodi Grand Prix.

– Det er ein tradisjon som har stått sterkt hos meg sida eg var liten. Eg har vakse opp med å vere for liten til å sitte oppe gjennom heile den norske finalen. Kompromisset blei at eg fekk høyre den ferdig på radio i senga då eg skulle sove, fortel Aase.

Ingrid Gjessing Linhave har drøymt om programleiarjobben for Melodi Grand Prix sidan ho var liten.

– Eg har kassett på kassett med opptak av meg sjølv som 8 åring, som lager Melodi Grand Prix heime i stova, i rollene som både artist og programleiar. Alt med MGP fortrylla meg; koristane og særleg Kari Gjærum, songane, kjolane, koreografien og alle språka. Endeleg skal eg ta del i MGP på ordentleg! Gler meg noko heilt vilt og særleg til å jobbe med Ronny og Kåre Magnus. Føler meg som verdas heldigaste, seier ho.

Kåre Magnus Bergh har leia Melodi Grand Prix sidan 2015 og tar fatt på sin sjette sesong. Han har tidlegare leia sendinga saman med Silya Nymoen (2015, 2016 og 2018), Line Elvsåshagen (2017) og Heidi Ruud Ellingen (2019).

Slik blir Melodi Grand Prix 60 år

Gjennom 5 delfinalar skal fire artistar frå kvar landsdel konkurrere om ein plass i finalen. Først ut er Sør-Norge laurdag 11. januar. Deretter følger delfinalar med fire artistar frå høvesvis Øst-Norge, Midt-Norge, Vest-Norge og Nord-Norge.

Dei fem artistane som kvalifiserer seg frå delfinalane skal møte fem førehandskvalifiserte artistar i finalen i Trondheim 15. februar, står det i pressemeldinga.

– Ved sida av våre tre flotte programleiar kan vi love fantastiske låtar og artistar i kvar einaste delfinale. Det blir pyro, konfetti, og alt anna som høyrer med når Norges største musikkfest skal arrangerast gjennom seks laurdagar, seier MGP-sjef Stig Karlsen.

Artikkeltags