Martine (21) fekk årets siste Furorestipend: – Draumen er å leve av musikk

VIL LEVE AV MUSIKK: – Det er musikk det er meininga eg skal drive med, fortel Håland etter å ha blitt tildet Furpstipendet.

VIL LEVE AV MUSIKK: – Det er musikk det er meininga eg skal drive med, fortel Håland etter å ha blitt tildet Furpstipendet. Foto:

FJALER: Artisten Martine Håland frå Dale fekk tildelt 50.000 kroner torsdag.

DEL

Torsdag kveld var Martine Håland på ein temakveld i Askvoll, i regi av Sparebanken Sogn og Fjordane. Ho skulle synge og spele for dei frammøtte, då det skjedde noko heilt uventa.

– Eg skulle opptre, og var veldig fokusert på jobben eg skulle gjere. Eg vart veldig sjokka då eg fekk stipendet. Dette gjev eit kjempebidrag til karriereutviklinga mi, då eg brukar mykje pengar på musikken, seier Håland i ei pressemelding frå Sparebanken Sogn og Fjordane.

Det var Banksjef i Hafs-området, Torunn Mattson, i Sparebanken Sogn og Fjordane som delte ut sjekken på 50.000 kroner.

– Det var kjekt å overraske Martine. Ho song og spelte nydeleg, og det å kunne få gje ei gåve til eit slikt talent betyr mykje for oss som jobbar her, seier Mattson i pressmeldinga.

VELDIG KJEKT: Torunn Mattson og Sparebankstiftinga overraska Martine Håland med 50.000 kroner. Det syntes begge to var veldig kjekt.

VELDIG KJEKT: Torunn Mattson og Sparebankstiftinga overraska Martine Håland med 50.000 kroner. Det syntes begge to var veldig kjekt. Foto:

Store planar

– Draumen er å leve av å spele og gje ut musikk. Så lenge eg får halde på med det og få opptre, er eg nøgd. Det er det einaste eg føler er riktig for meg, difor er musikken så viktig, fortel Håland.

Furorestipendet er Sparebankstiftinga sitt personlege stipend til ungdom innanfor kategoriane kultur, idrett og «open klasse». I år har åtte talent frå fylket fått 50.000 kroner kvar til satsinga si.

Juryen si grunngjeving:

««21 år gamle Martine Håland har sunge, spelt piano og komponert musikk i mange år allereie, og har blitt hylla og heidra fleire gonger heime i Dale og elles i fylket; mellom anna fekk ho «Draumestipendet» i 2015. I forfjor sjarmerte ho òg heile landet, då ho opptrådde på talentprogrammet The Stream med den eigenkomponerte låta «Drown in the wind». Sidan då har Martine flytta til Bergen og blitt eit vitalt tilskot til musikkscenen der, lansert sitt band MAIH - som faktisk slapp ny singel i går (14. nov). Martine turnerer for tida land og strand rundt i heile landet, og byggjer på den måten live-erfaring og publikum jamt og trutt. Juryen trur dette er ein veldig god strategi og eit tydeleg teikn på at Martine har ein langsiktig plan for å vekse som artist og trenge gjennom i ei bransje med beinhard konkurranse. Juryen håpar og trur vi vil sjå og ikkje minst høyre mykje til Martine i åra framover, og ønskjer all mogleg lukke til vidare!»

Artikkeltags