Kari og Michael fekk Kongens Fortenestemedalje for 30 års innsats for kulturlivet i Eid

ELDSJELAR: Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich kom til Nordfjordeid i 1988. Saman har dei etablert og utvikla Opera Nordfjord, ein av dei 10 distriktsoperaane i Noreg. 3. oktober fekk dei Kongens Fortjenstmedalje.

ELDSJELAR: Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich kom til Nordfjordeid i 1988. Saman har dei etablert og utvikla Opera Nordfjord, ein av dei 10 distriktsoperaane i Noreg. 3. oktober fekk dei Kongens Fortjenstmedalje. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

NORDFJORDEID: – Det er dykkar forteneste at Opera Nordfjord fyller tjue år i år, sa Eid-ordførar Alfred Bjørlo.

DEL

– Kompetansen dykkar, kreativiteten dykkar og evna til å bygge nettverk har sett Opera Nordfjord på kartet og blitt ein synleg del av operafamilien i Noreg – der ingen skulle tru at opera kunne bu.

Det sa ordføraren i Eid, Alfred Bjøro, i talen til ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich då dei torsdag vart tildelt Kongens Fortenestemedalje.

Overrekkinga skjedde på premieren til Opera Nordfjord si 20-års jubileumsførestilling, La Bohème, i Operahuset Nordfjord.

Realiserte draumen om eigen operahus

Kari og Michael har fått Kongens Fortenestemedalje for 30 års innsats for kulturlivet i Eid, Nordfjord og Sogn og Fjordane, og for å ha skapt og realisert draumen om ein eigen opera og eit eige operahus i Nordfjordeid.

Opera Nordfjord vart skipa i 1998 med Kari som operasjef og Michael som kunstnarleg leiar. Opera Nordfjord har sidan den gong hatt årvisse oppsetjingar av fullskala opera-førestillingar – dei siste åra også eigne barneførestillingar. Dei har stått bak nyskrivne norske operaer på nynorsk, omsett kjende utanlandske operaer til nynorsk, reist på turnear og vore med på ei rad samarbeidsprosjekt med andre kulturaktørar i Sogn og Fjordane.

Til saman har Opera Nordfjord på 20 år hatt over 30 oppsetjingar og seld om lag 90.000 billettar. I 2009 flytta Opera Nordfjord inn i Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid, det einaste operahuset i Noreg utanfor Oslo.

– Samfunnsbyggjarar av beste merke

Medaljen vart overrekt av Alfred Bjørlo, med ordførarar/representantar for alle dei andre kommunane i Nordfjord til stades. Ordføraren sa i samband med overrekkinga mellom anna dette:

– Vi som står her i dag har enorm respekt for det arbeidet de har lagt ned og framleis legg ned, og enno skal legge ned i mange, mange år til. De er samfunnsbyggjarar av beste merke. 

Artikkeltags