Høyr Kristina briljere

    Generalprøve før landsfinalen i Ungdommens Musikkmeisterskap

    Artikkelen er over 3 år gammel

    Kristina Fransson (16) spelar kommande helg i landsfinalen i Ungdommens Musikkmeisterskap.

    DEL

    – Dette er jamngodt med å delta i NM i ein idrett, seier musikk-skulerektor Trude Skarvatun.

    Kristina Fransson imponerte stort med sin minikonsert under Ungdommens musikkmeisterskap i Ålesund i november. Der fekk ho 1.-pris og kvalifiserte seg dermed direkte til landsfinalen, som går av stabelen til helga. Denne veka hadde ho generalprøve på det programmet ho skal opptre med der.

    Det var ein stolt trompetlærar Arvid Anthun som presenterte Fransson under konserten:

    Kan bli proff

    – Eg trur at dersom Kristina satsar rett, så vil ho bli ein av dei som søker og får jobbar utover både Sunnfjord og Norges grenser. Men det kjem jo heilt an på kva ho sjølv har lyst til.

    – Vil du anbefale det?

    – Eg brukar å seie at ein skal vere merksam på at det ikkje berre er solskinsdagar, det er mange gråvêrsdagar òg, og kveldar der du må ofre samvær med vener og familie fordi du skal på jobb. Ho kan klare det, men då snakkar vi om jamn jobbing gjennom mange, mange år. Det er ikkje berre å meistre eit yrke, eit instrument, ein heil kultur, sin eigen kropp og muskulatur, men òg det å leve seg inn i musikken og si eiga psyke, for så å få det ut til publikum.

    Samspel: Akiko Anazawa akkompagnerer Kristina Fransson. Laurdag spelar dei saman på landsfinalen i Ungdommens musikkmeisterskap.  Foto: Ole J. Øvretveit

    Samspel: Akiko Anazawa akkompagnerer Kristina Fransson. Laurdag spelar dei saman på landsfinalen i Ungdommens musikkmeisterskap. Foto: Ole J. Øvretveit

    Og akkurat det er Kristina veldig flink til, meiner Anthun:

    – Eg har halde på med musikkelevar i nokre år, og med Kristina merka eg veldig tidleg at ho hadde noko spesielt. Det går ikkje berre på det tekniske, men og på det kjenslemessige, at ho let musikken røre seg, og greier å formidle det vidare.

    Frys på ryggen

    – Det er jo det musikk handlar om: Å gje kjensler vidare. Av og til sit eg rett og slett og frys på ryggen av måten ho gjer det på.

    Kristina sjølv har ikkje bestemt seg for kva ho vil:

    – Akkurat no har eg berre veldig stor glede av det å drive med musikk. Om eg skal gjere eit yrke av det, veit eg ikkje enno. Det kan hende eg vil satse på ein vanleg jobb, og så ha dette som hobby. Det er jo ein kjekk hobby å ha.

    – Er du nervøs for konkurransen i Oslo?

    – Nei. Eg har spelt gjennom stykka så mange gonger at det veit eg skal sitte. Når eg går på scena der, skal eg kose meg og ha det kjekt.

    Artikkeltags