Desse er nominerte til Luttprisen

NOMINERTE: Vilde og Anna, Vilnes, Kjartan Lauritzen, Eva Weel Skram og Sjur er blant dei nominerte til årets Luttpris.

NOMINERTE: Vilde og Anna, Vilnes, Kjartan Lauritzen, Eva Weel Skram og Sjur er blant dei nominerte til årets Luttpris.

No kan du vere med å bestemme kven som er årets artist og årets nykommar under Luttprisen 2019. For siste gang skal prisen delast ut for Sogn og Fjordane fylke.

DEL

– Vi har fått mange forslag til kven som bør bli nominert til desse prisane. No har ein jury plukka ut finalistane til både årets artist og årets nykommar. Det har vore eit gledeleg og stort engasjement, seier prosjektleiar for Luttprisen Stian Sjursen Takle i ei pressemelding.

Du kan røyste

I år skal Luttprisen dele ut pris til årets artist og årets nykommar. Du kan stemme i dei to kategoriane ved å klikke deg inn på dei to lenkene og gi di stemme til din favoritt.

Du kan røyste ein gong i døgnet i kvar kategori, og siste frist for å levere røysta di er søndag 12. januar 2020.

Dei som vinn Luttprisen får eit stipend på 25.000 kroner. Utdelinga skjer under eit stort musikkshow på den store Blestfestivalen direkte frå Larris Scene i Førde laurdag 18. januar.

Prisutdelinga vert sendt direkte på radio og på nett-tv i Firda, Firda Tidend, Sogn Avis og Fjordenes Tidende.

Ny pris

For 2019 skal det også delast ut ein eigen bakompris til nokon som har gjort ein ekstra innsats for musikklivet i regionen. Det kan mellom anna vere ein festival, produsent, person, lydprodusent eller ein arrangør. Finalistane til denne prisen vert presentert seinare.

I tillegg til Luttprisen skal mange nye artistar frå Sogn og Fjordane få vise seg fram under festivalen. Det vert småkonsertar med blant anna Maren, Sissel Marie, Gold Celeste, I see Rivers, Grand Alpaca, MayRahKee, Siri Byrkjedal og White Man Dancing i løpet. Det vert også ein eigen del av festivalen, Knøtteblest, som vert laga spesielt for familiar.

Dei nominerte til årets artist er:

Jackbow

Eva Weel Skram

Line Dybedal

Erlend Apneseth

Stockhaus

Kjartan Lauritzen

Karl Seglem

Sjur

Vilde og Anna

Martin Tungevaag

Sofia

Steinar Engelbrektson


Dei nominerte til årets nykommar er:

Vilnes

Vilde Torheim Skjerdal

Matteus

Sindre Steig

Sissel Marie

Andrea Santiago

Alice Hugøy

Selvik

Vêrfast

Alexander Hoddevik

Siri Byrkjedal

Artikkeltags