– Eg synest rett og slett at vi manglar ei peparkakebygd, seier Kristine Ness, formidlingsleiar hjå Sunnfjord Museum.

Inspirasjonen til å lage ei eiga utstilling kom blant anna frå peparkakebyen i Bergen.

– Bergen var ein klar inspirasjon. Det er ei utruleg stemning der nede i førjula når peparkakebyen er utstilt.

Ness ønskte å få til ein aktivitet ein kunne gjere saman som familie, men som ikkje omhandla julehandling og butikkar.

– Eg håpar jo på at dette kan bli ein fin førjulstradisjon for store og små. Det er ein koseleg aktivitet ein kan gjere saman med familie, vener, kollegaer og andre, seier Ness.

Håpar på årleg tradisjon

Dei oppfordrar folk til å lage sine eigne hus eller hus som er kjende i nærleiken, men det er ingen krav til utsjånaden og dei tek i mot alt som blir levert.

– Vi kjem til å merke husa med namn og stad, og tek i mot alt det som folk ønsker å levere, seier Ness.

For at peparkakebygda skal bli noko av, må dei ha minst ti påmelde og dei håpar at folk vil sende inn hus frå ulike område i fylket.

– Folk må melde seg på via e-post eller telefon. Dersom vi får inn nok bidrag set vi av laurdag 02. desember til opningsdag, då vert det gløgg, kaker og god julestemning, seier Ness.

Utstillinga vil etter planen stå framme eit par veker og vere tilgjengeleg i museet sine opningstider.

– Vi håpar at dette slår an slik at det kan verte ein årleg tradisjon som vi kan bygge vidare på. Målet må jo vere noko liknande som i Bergen, ivrar Ness.