Lutt-vinnar Erlend (29) blanda gamle opptak frå gamlefylket med sin eigen musikk: – Identitet er viktig

SIGER: Erlend Apneseth vann Lutt-prisen for året 2019. Her vert han intervjua av konferansier Arianrhod Engebø.

SIGER: Erlend Apneseth vann Lutt-prisen for året 2019. Her vert han intervjua av konferansier Arianrhod Engebø. Foto:

Folkemusikar Erlend Apneseth vart årets Lutt-vinnar.

DEL

– Eg er veldig glad for dette, absolutt. Eg synest det er veldig stas å bli sett pris på av mine eigne, seier Apneseth.

Han er etter kvart ein røynd musikar med mange premiar i hand. Luttprisen har han derimot aldri fått, før no.

Apneseth skryt av nivået på dei andre musikantane.

– Eivind Vilnes gjekk samstundes som meg på Firda vgs. Musikkscena her synest eg verkar veldig bra. Baksida med å ikkje bu her er jo at eg ikkje har den scena så tett på kroppen. Det verkar veldig levande og veldig breitt, det var kjekt å sjå.

Blandar gammal musikk med sin eigen

Utslagsgjevande var nok plata «Salika, Molika» som Erlend Apneseth Trio gav ut i 2019.

– På den siste plata har det vore fokus på identitet og stemmer frå Sogn og Fjordane, seier Apneseth og legg til at det er ekstra aktuelt no som Sogn og Fjordane ikkje finst lenger.

– Vi har brukt gamle arkivopptak frå fylket. Dette med identitet er noko som ein kjem tilbake att i kunstuttrykk, ikkje minst i musikk.

Trioen spelar av dei gamle arkivopptaka elektronisk og framfører sin eigen musikk i lag med opptaka. Mange av opptaka er med folk som ikkje lever lenger.

– Eg opplever det som meiningsfullt og lage ny musikk der ein spelar på lag med dei på ein måte. Då blir det ei linje mellom dei utan at det blir musealt, på ein måte ein slags dialog, seier Apneseth.

Mellom anna har han nytta opptak av Karen Hatleberg som syng ein kulokk, og Harald Takle som trallar ein trommeslått.

– Trommeslått er noko ein spelar med tromme. Så trallar han ved sidan av, eg trur kanskje han ikkje kunne spele lenger, seier Apneseth.

Prispengane går rett tilbake i krinsløpet

Apneseth er oppvaksen i Jølster, men bur no på Ål i Hallingdal, der kona hans kjem frå.

Premiepengane på 25.000 kroner skal gå til å skape ny musikk:

– Eg komponerer mykje. Dette er slikt som opnar opp små rom som gjer at eg kan ta meg eit par dagar og dedikere meg til komposisjon, kanskje takke nei til turnering. Dette går rett inn i krinsløpet att.

I løpet av januar kjem Erlend Apneseth trio med ei ny plate. I tillegg til Apneseth sjølv består trioen av Stefan Meidell og Øyvind Hegg-Lunde.

RØYND MUSIKAR: Erlend Apneseth.

RØYND MUSIKAR: Erlend Apneseth. Foto:

Artikkeltags