Jon Fosse håpar på 200 medlemar i ny bokklubb

OMSETT: Verdas einaste nynorsk-bokklubb gir gamle klassikarar ny språkdrakt og nye lesarar.

OMSETT: Verdas einaste nynorsk-bokklubb gir gamle klassikarar ny språkdrakt og nye lesarar. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

KULTUR: Det vesle forlaget Skald på Leikanger gir deg verdslitteratur på nynorsk i ny bokklubb.

DEL

– Vi har medlemar frå Finnmark til Agder, med eksotiske adresser som Nordpolvegen og Grotten. I det sistnemnde sit det eit æresmedlem. Han var av dei første til å melde seg inn og ønske oss lykke til, seier Åsta Urdal, marknadssjef i Skald.

Mannen ho snakkar om er Jon Fosse. Han bur i statens æresbustad Grotten, og har gitt ny språkdrakt til Forvandlingen av Franz Kafka og Dei Døde av James Joyce. Og han valde å gjere det saman med det vesle forlaget Skald på Leikanger.

– Iden om dei omsette klassikarane er også til dels hans påfunn, seier Urdal.

I tillegg har Øystein Vidnes gitt Frankenstein ny røyst. Bokklubben har som mål å tilby tre titlar i året.

– Vi vil vere ein litt sympatisk klubb som ikkje pressar på med for mange bøker, seier Urdal.

Bitte liten og verdas største

Om litt kan bokklubben tilby Tre kvinner av Robert Musil omsett av Øystein Vidnes og Madam Bovary av Gustave Flaubert omsett av Margunn Vikingstad.

Urdal omtalar bokklubben som både verdas største (nynorsk bokklubb) samtidig som det er ein «bitte liten bokklubb». Kor stor er han eigentleg?

– Vi fekk ein pangstart på femti medlemar og stig no sakte men sikkert mot hundre. Jon Fosse seier vi må klare to hundre, seier Urdal.

– Men de har vel selt bøker utanom abonnement?

– Å ja! Forvandlinga kom ut i andre opplag svært raskt.

Bøkene er altså populære, men bokklubbar brukar vanlegvis å tilby nyskrivne bøker.

Kva skal vi eigentleg med gamle klassikarar?

– Klassikarane var i si tid gjerne både nybrotsverk og provoserande. Det er verk som har klart å seie noko om tida dei vart skrivne i, men kanskje endå meir har dei klart å skildre noko universelt menneskeleg, som gjer at dei stadig er aktuelle og viktige, og som vi framleis kanskje kan lære av og finne glede i.

Får god omtale

– Men treng vi dei på nynorsk?

– Dette er verken målkrig eller trass. Det er berre naturleg. Det nynorske språket er ypparleg til klassisk litteratur og vi har verkeleg gode forfattarar som omset til vakker nynorsk med god flyt. Det er tilbakemeldinga frå både bokmålsfolk og nynorskfolk, seier marknadssjefen.

Bokmeldar Knut Hoem i NRK seier det same. Han var redd for vanskelege nynorskord, men skriv at «eit stykke ut i den andre forteljinga i den hysterisk morosame «Forvandlinga» er desse første innvendingane blåste bort. For Fosses Kafka er, på sitt vis, både moderne og vital.»

– For meg er det sjølvsagt at bøker som finst på alle språk også skal finst på nynorsk. Det er faktisk nesten flaut at det måtte ein tyskar til for å få det til, seier Urdal om forlagsredaktør Simone Stibbe.

Artikkeltags