Misnøye mot fylkesmuseet gjer at Jølster vil trekke Astruptunet ut

MUSEUM: Astruptunet ligg på sørsida av Jølstravatnet.

MUSEUM: Astruptunet ligg på sørsida av Jølstravatnet. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

JØLSTER: Ordføraren jobbar for å trekke Astruptunet ut av Musea i Sogn og Fjordane. Han håpar museet heller kan bli ein del av KODE i Bergen.

DEL

Dette skriv NRK Sogn og Fjordane.

– Vi må ha ein skikkeleg organisasjon i ryggen som kan drive Astruptunet på ein god måte. KODE kan i så måte vere det rette.

Det sa Oddmund Klakegg under rådsmøtet for Musea i Sogn og Fjordane onsdag.

Bakgrunnen skal vere det interne bråket ved fylkesmuseet. 28. februar sa avdelingsdirektør Janne Leithe opp jobben ved Sogn og Fjordane kunstmuseum i Førde. Også Gunnhild Systad ved museet i Movika har sagt opp.

Klakegg meiner eit byte vil styrke Astruptunet. Dei har no sendt ein invitasjon til KODE.

– Vi vil ha eit museum med større opningstider enn i dag, og med endå fleire besøkande, seier han til NRK.

Styreleiar i Musea i Sogn og Fjordane, Laura Kvamme, seier at ho tek Jølster sitt signal til vitande.

– Men Astrup er veldig viktig for oss, seier ho.

Saka er ikkje handsama av kommunestyret.

Artikkeltags