Hilde Bjørkum går av som festivalsjef

GÅR AV: Hilde Bjørkum har fore festivalsjef i 28 år.

GÅR AV: Hilde Bjørkum har fore festivalsjef i 28 år. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

KULTUR: Hilde Bjørkum går av etter 28 år som direktør for Førdefestivalen.

DEL

Hilde Bjørkum har vore sjef for Førdefestivalen sidan hausten 1989, berre avbrote av to morspermisjonar og eit år som fylkesmusikar. 

– Det har vore ei lang, spennande og lærerik reise, seier Bjørkum i ei pressemelding.

– No er det tid for at nye krefter leier skuta vidare, difor har eg orientert styret om at eg ønsker å tre av som direktør etter at festivalen 4.–8. juli 2018 er gjennomført. 

– Vi har bygd festivalen stein på stein over mange år, med hardt arbeid og stort engasjement, og i samarbeid med ei mengd gode hjelparar; frivillige, offentlege og private støttespelarar og gode samarbeidspartar innanfor kulturlivet, seier Bjørkum.

Begynte med ei halv stilling

Frå ein sped start med ei 50 prosent prosjektstilling, er Førdefestivalen no ein viktig kulturinstitusjon i fylket med sju kompetansearbeidsplassar og ein årleg omsetnad på rundt 19 mill. kroner. Festivalen er Skandinavias største i sitt slag og er anerkjend nasjonalt og internasjonalt for høg kvalitet både kunstnarleg og arrangementsmessig, og for ein klar og særeigen profil.

Stillinga som direktør vert lyst ut like over nyttår. Festivalen samarbeider med selskapet Hodejegerne Møllerstad & Christiansen i rekrutteringsprosessen. Styreleiar Tone Winje trur stillinga vil vere attraktiv.

– Hilde Bjørkum har lagt eit svært godt grunnlag gjennom sitt årelange arbeid. Vi vil takke henne for den formidable innsatsen ho har lagt ned for å utvikle festivalen til det den er i dag. Den som no kjem inn vil ta over ein solid organisasjon med gode moglegheiter for vidare utvikling, seier ho.

Frå 1. september går Bjørkum over i 50 prosent rådgjevarstilling ved festivalen med fokus på utviklingsarbeid.

Artikkeltags