Måtte kappast med Landskappleiken om publikum

FY FELA: Førde internasjonale folkemusikkfestival hadde i år ekstra fokus på nordisk og norsk musikk.

FY FELA: Førde internasjonale folkemusikkfestival hadde i år ekstra fokus på nordisk og norsk musikk. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

KULTUR: Festivalsjef Hilde Bjørkum er godt nøgd med 25 500 besøkande på årets Førdefestival, sjølv om det kanskje kunne vore fleire dersom ikkje landskappleiken var same helga.

DEL

– Vi hadde rundt 25 500 besøkande i år, det er 500 ned frå i fjor. Det er ikkje ein stor ting, men skuldast nok eit lite arbeidsuhell på Landskappleiken si side, som la arrangementet til same helga som vår. Vi har alltid hatt veke 27, seier Festivalsjef Hilde Bjørkum.

Landskappleiken er den nasjonale folkemusikkfestivalen i Norge. Førde internasjonale folkemusikkfestival hadde i år eit fokus på nordisk og norsk musikk.

– Vi har hatt mange sterke førestillingar og nye produksjonar med samfunnsmessig bodskap. Eg er stolt og glad for at vi får fram nye musikarar og førestillingar som rører ved oss. Denne gongen hadde vi mange frå vårt eige fylke.

Bjørkum vil dessutan trekke fram konserten til Sigrid Moldestad.

– Det er kanskje noko av det tøffaste ho har gjort. Det trengst slike som ho, som peikar på viktige problemstillingar.

GRATIS: Rundt ein tredel av dei 90 arrangementa Førdefestivalen hadde i år, var gratis å delta på, slik som denne konserten på torget i Førde.

GRATIS: Rundt ein tredel av dei 90 arrangementa Førdefestivalen hadde i år, var gratis å delta på, slik som denne konserten på torget i Førde. Foto:

Førde ut til verda – via TV

Direktesendinga av gallakonserten var også ny av året, i den forstand at festivalen sjølv laga produksjonen. Dei hadde 40 personar i sving, i samarbeid med NRK.

– Vi brukar å seie at verda kjem til Førde, men nok kan vi også seie at Førde kjem ut til verda, seier Bjørkum.

Direktesendinga hadde ein kostnad for festivalen på halvannan million, men NRK har kjøpt rettar til å sende ein redigert versjon ved eit seinare høve.

Festivalleiinga jobbar for meir samarbeid med reiselivsnæringa, mellom anna med å lage pakkar for besøkande.

–Dei utanlandske journalistane vert imponert over kor vakkert det er her, og sender heim fantastiske bilde frå naturen vår.

Kvadratmeter gåsehud

Totalt hadde festivalen 90 arrangement, inkludert konsertar og kurs. Om lag 30 av desse var gratis arrangement. Talet på løyste billettar er ikkje klart i skrivande stund.

– Ein kan ikkje måle suksess berre i tal selde billettar. Ein må og måle det i kvadratmeter gåsehud eller tårer på kinn, seier Bjørkum.

SJEFEN: Hilde Bjørkum på scena under opningskonserten.

SJEFEN: Hilde Bjørkum på scena under opningskonserten. Foto:

Artikkeltags