Førdefestivalen har fått ny styreleiar

TILSETT: Tone Winje er ny styreleiar for Førdefestivalen.

TILSETT: Tone Winje er ny styreleiar for Førdefestivalen. Foto:

KULTUR: Tone Winje er tilsett som styreleiar for perioden 2017–2018.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

– Det er ein særs kompetent kandidat som no tek over styreleiarvervet etter Kristin Hille Valla. Vi i utvalet er svært glade for at ho tok utfordringa, seier leiar i hovudutval for næring og kultur, Karen Marie Hjelmeseter til Sogn og Fjordane fylkeskommune sine nettsider.

Les også: Førdefestivalen går for nordiske tonar

Winje har hatt fleire sentrale stillingar og tillitsverv i norsk musikk- og kulturliv dei siste 30 åra. Ho har mellom anna vore innom musikkforlag, NRK, Noregs musikkhøgskole og Rikskonsertane. I perioden 2011–2015 var ho direktør for Festspillene i Nord-Norge. Deretter har ho vore seniorrådgjevar i Norsk kulturråd, og 1. januar 2017 tek ho over som rektor ved kulturskulen i Moss.

– Eg har eit hjarte som bankar for Førdefestivalen, seier Winje.

I tillegg til Winje, har hovudutval for næring og kultur også oppnemnt Ivar Svensøy og Gunn Åmdal Mongstad som styremedlemmer. Førde kommune oppnemner ein medlem, og representantskapet vel tre medlemmer til styret.

Les også: Førdefestivalen får 256.000 kroner ekstra

Artikkeltags