– Til sommaren skal det handle om dans!

FRÅ ITALIA: Dei ypparste representantane for pizzica tarantata-tradisjonen, Canzoniere Grecanico Salentino, kjem til Førdefestivalen.

FRÅ ITALIA: Dei ypparste representantane for pizzica tarantata-tradisjonen, Canzoniere Grecanico Salentino, kjem til Førdefestivalen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

KULTUR: Førdefestivalen 2018 set dans og dansemusikk i fokus. Festivalen går av stabelen 4. til 8. juli.

DEL

– Når vi inviterer til den 29. Førdefestivalen, skal det dansast meir enn nokon gong, seier direktør Hilde Bjørkum i ei pressemelding.

– Innan folkemusikken er dansen nært knytt til musikken. Det gjeld mest for alle land over heile verda. I nokre kulturar er det ikkje eingong ulike ord for musikk og dans, det finst berre eitt uttrykk som dekker begge delar.

Vil hylle dansen

Bjørkum er tydeleg på at det trengst å slå eit slag for folkedansen både i Norge og internasjonalt.

– Vi vil hylle dansen og dansemusikken både gjennom å presentere den frå scena og invitere til den sosiale dansen for alle, og ikkje minst få fram sjølve nerven i samspelet mellom dansespelemannen og dansaren som skapar dansemagi, seier Bjørkum.

DANS: Førdefestivalen sitt tema for 2018 er dans og dansemusikk.

DANS: Førdefestivalen sitt tema for 2018 er dans og dansemusikk. Foto:

Sjølv har direktøren tre norgesmeistertitlar i folkedans, og kan skilte med kongepokal frå Landskappleiken i 1989.

– Eg trur den sterke, nærast ekstatiske gleda over å kunne røre seg til god dansemusikk er sterkt underkommunisert, meiner Bjørkum.

Desse kjem

Gammaldansgruppa Lendmenn var dei aller første musikarane som vart klare for Førdefestivalen 2018. Danseproduksjonen «Dei gamle er eldst» er også stadfesta.

Frå Italia kjem musikkgruppa Canzoniere Grecanico Salentino, som blir rekna som dei ypparste representantane for pizzica tarantata-tradisjonen. Sentralt i denne tradisjonen er taranta-dansen, som har namnet sitt frå edderkoppen, tarantellaen. Publikum kan også vente seg kanadisk steppedans med Cassie & Maggie MacDonald.

Feire artistar kjem i løpet av vinteren og fullt festivalprogram vert presentert i mars.

FRÅ CANADA: Ein av dei nye kometane i kanadisk folkemusikk, søstrene Cassie og Maggie MacDonald frå Halifax, er klare for festivalen.

FRÅ CANADA: Ein av dei nye kometane i kanadisk folkemusikk, søstrene Cassie og Maggie MacDonald frå Halifax, er klare for festivalen. Foto:

Artikkeltags