Rik musikk frå folkegrupper i naud

Sefardisk-jødiske Mor Karbasi blir ein av dei store internasjonale folkemusikkartistane på årets festival.

Sefardisk-jødiske Mor Karbasi blir ein av dei store internasjonale folkemusikkartistane på årets festival. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Syrisk mangfald, sigøynarfest og sefardisk-jødiske songar under årets Førdefestival. No er artistlista til Førdefestivalen klar.

DEL

Land som i dag er prega av krig, konfliktar og naud, har også ein kulturell rikdom og eit kulturelt mangfald. Dette set Førdefestivalen seg som mål å vise fram, når den 6.–10. juli blir arrangert for 27. gong, med temaet «På flukt!».

– Migrasjon har til alle tider påverka og utvikla samfunna og kulturen rundt oss, seier festivaldirektør Hilde Bjørkum.

I dag offentleggjer Førdefestivalen programmet for den fire dagar lange musikkfesten, som blir Skandinavias største møtestad for akustisk verdsmusikk.

- Temaet i år er høgaktuelt, og det er uråd å komme utanom Syria, der dagens situasjon står i sterk kontrast til landet si historie som eit land der alle verdas religionar har levd fredeleg side om side i hundrevis av år. Konfliktane er av nyare dato. Det er verd å tenkje på, og også verd ein ny konsertproduksjon og rundebordskonferanse på ein internasjonal festival i Noreg, seier Bjørkum i ei pressemelding.

Artistane

Dette er nokre av artistane som kjem til sommarens Førdefestival, slik festivalleiinga sjølv presenterer dei:

Årets kyrkjekonsert, Syriske bøner, vert produsert i samarbeid mellom Førdefestivalen ogKirkelig Kulturverkstedved Erik Hillestad. Idéen er å vise det rike musikalske og religiøse mangfaldet som ein gong var Syria, men som i dag er pressa utanfor landegrensene, til Libanon, der dei fleste av musikarane vi møter i konserten no lever som flyktningar. Prosjektet blir plateproduksjon på Kirkelig Kulturverksted, og vert urframført under Førdefestivalen. Frå Syria kjem også ensemblet Broukar, med sin sufisong og magiske dervishdans. Dei var profesjonelle musikarar i Syria, men måtte flykte frå krigen, og lever no som flyktningar i Europa.

Her er alle artistane

La Bottine Souriante (Canada) Mor Karbasi (Israel) Mamar Kassey (Niger) Huun-Huur-Tu (Russland) Värttinä (Finland) Dreamers’ Circus DK Federspiel (Austerrike) Nishtiman (Iran/Irak/Tyrkia) Café Aman Istanbul (Tyrkia) Romengo (Ungarn) Mahala Rai Banda (Romania) Mairearad Green & Anna Massie (Storbritannia) Gjermund Larsen Trio (Norge) Nordic (Sverige) Trio Madeira Brasil (Brasil) SambaSunda (Indonesia) Broukar (Syria) Faytinga (Eritrea) Radik Tyulyush (Russland) Vigüela (Spania) Terje Isungset (Norge)

Noency Mosquera & El Bongo de Bojayá (Columbia) Chouk Bwa Libéte (Haiti) Circus Raj (India) Silje Onstad Hålien (Norge) Anders Löfberg (Sverige) Erlend Apneseth (Norge) Navarra (Sverige) Gunnar Stubseid & Ale Möller (Norge/Sverige)

Sara Marielle Gaup Beaska (Norge) Margit Myhr (Norge) Djønne & Børsheim (Norge) Camilla Granlien (Norge) Mari Skeie Ljones (Norge) Olav Christer Rossebø (Norge) Jo Fougner Skaansar (Norge) Gaute Sortland (Norge) Raymond Sereba (Elfenbenkysten)

Uriel Seri (Elfenbenkysten) Charlotte Øster (Norge) Grindstuen og Midtlis (Norge) Beatrice Deer & Evie Mark (USA) Jawana Thayaseelan (Sri Lanka/Norge) Gutu Abera (Etiopia) Ivan Mazuze MZ Unni Løvlid (Norge) Gabriel Fliflet (Norge) Sindre & Co (Norge) Talent 2016 (Malawi/Kenya/Norge) Håkon Høgemo & Tom Karlsrud (Norge) Sigmund Eikås (Norge) Kari Malmanger (Norge) Maria Skranes (Norge) Ingemund Askeland (Norge) Gamlebanken Spelemannslag (Norge) Indre Sunnfjord Spelemannslag (Norge).

Opningskonserten

På den store opningskonserten torsdag 7. juli møter publikum fleire tema-artistar. Til dømes sefardisk-jødiske Mor Karbasi, som tok den globale verdsmusikkscena med storm med debutplata si i 2008, og fridomskjemparen og musikaren Faytinga frå Eritrea. Unge musikarar frå Fargespill i Bergen er med: Jawana Thayaseelan frå Sri Lanka, som hadde mykje av oppveksten sin nettopp i Førde, og Gutu Abera frå Etiopia, som mange vil hugse song så vakkert for kongeparet i samband med deira 25-årsjubileum.

Romfolket si historie kjenner vi, men truleg utan å forstå tragedien som til tider forfølgjer dei. Musikken deira avspeglar smerte, men òg fantastisk livsmot, intens energi og ikkje minst danseglede! Romengo frå Ungarn og Mahala Rai Banda frå Romania byr opp til stor sigøynarfest i byparken fredag 8. juli.

Grenselause voggesongar

Trass i at mange har måtte flykte frå alt dei hadde i heimlandet, har dei songane sine med seg. Og same kvar vi kjem frå, syng vi for borna våre. Festivalen har starta eit prosjekt der eit utval innvandrarkvinner i Sunnfjord vert inviterte til å dele sine voggesongar med oss. Norske bånsullar får også sin plass i konserten. Kunstnarleg leiar er songaren Kari Malmanger, og prosjektet er eit samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Apneseth med tingingsverk

På kort tid har Erlend Apneseth vorte ein markant og modig folkemusikar og komponist med fleire suksessar å sjå tilbake på. I haust tok han på seg nok ei utfordring, nemleg å levere

Erlend Apneseth.

Erlend Apneseth. Foto:

tingingsverket til den 27. Førdefestivalen. I verket som har fått tittelen Nattsongar stiller Apneseth eit par filosofiske spørsmål om våre lokale musikktradisjonar: Kva om felespelaren Anders Viken hadde møtt Django Reinhardt; korleis hadde polkaen Smøygen høyrdest ut då? Og dersom Førdefestivalen, med alle sine impulsar utanfrå, hadde eksistert for 100 år sidan, korleis hadde slåttespelet i Jølster vore i dag?  Apneseth har med seg eit knippe utsøkte musikarar: Erik Rydvall, Ole Morten Vågan, Stein Urheim og Hans Hulbækmo, og urframføring skjer laurdag 9. juli.

Nordisk

Lista over nordiske artistar på årets festival vert toppa av Värttinä, sjølve kronjuvelane i finsk verdsmusikk, som har fått strålande kritikkar for sitt siste album Viena. For fyrste gong får vi høyre deira sylskarpe vokalharmoniar i Førde. Dreamers’ Circus er dansk folkemusikk sine nye yndlingar med internasjonalt gjennomslag; eit konsertband av dei sjeldne. I år set også Gjermund Larsen Trio og Nordic kvarandre stemne på felles konsert. Silje Onstad Hålien kjem med danseframsyninga 101 hattar å sparke før eg døyr og Margit Myhr framfører soloframsyninga Stille trør kvinner i sørgedans. På diktaren Jakob Sande sin fødestad i Fjaler vert det lyrikk, musikk og spelemannshistoriar i konserten Spring du fela, med mellom andre Mari Skeie Ljones og Camilla Granlien.  Vakre Haarklousalen er arena for intimkonsertar med to par meisterspelemenn: Ale Möller & Gunnar Stubseid, og Håkon Høgemo & Tom Karlsrud. Sistnemnde har også plateslepp under festivalen.

Arktisk

Det handlar om arktiske strøk og musikk tett knytt til naturen når verdas einaste ismusikar, Terje Isungset, for fyrste gong samlar kanadiske, russiske og samiske musikarar for å skape eit eige

Terje Isungset og Maria Skranes.

Terje Isungset og Maria Skranes. Foto:

ismusikk-univers i ein av årets nye produksjonar i Førde. Isungset trakterar instrument laga av bre-is og fersk is og går i tett samspel med inuitsongarane Beatrice Deer og Evie Mark frå Canada, songar og multiinstrumentalist Radik Tyuliyush (frontfigur i Huun-Huur-Tu) frå Tuva i Russland og samiske Sara Marielle Gaup Beaska og Maria Skranes.

Tilbake – 27 år etter

I serien «gjensyn med legender», er det i år La Bottine Souriante frå Quebec sin tur.

– La Bottine sette varige spor hjå publikum på den aller fyrste festivalen vår i 1990, og er eit omgrep i internasjonal folkemusikk, fortel Bjørkum.

I år er dei tilbake med utvida band, men med same kvalitet, vanvittige energi og herlege speleglede som før.  Dei får sleppe til med avslutningskonsert på festivalen si største scene i idrettshallen, søndag 10. juli.

Legendariske er også Huun-Huur-Tu, som åleine har mykje av æra for at vesten har fått auga opp for overtonesong frå Tuva i Russland. Mamar Kassey kjem med vakker mannsvokal, briljant fløytespel og suggererande rytmar frå Niger. Bjørkum meiner også det må vere eit «must» å få med seg dei sju unge sjarmørane iblåseensemblet Federspiel frå Austerrike, som tek mazurka, czardas og jodling til nye og uventa høgder.

Gatesirkus og konferanse

Førdefestivalen legg vekt på å skape gode opplevingar for båe store og små. Born er velkomne på konsert, og festivalen har mange lågterskeltilbod, inne og ute. I år kan heile familien oppleve ekte gatesirkus frå Rajasthan, Circus Raj, med sjonglørar, sverdslukarar og balansekunstnarar.  I tillegg vert det også i år samarbeid med Barnas Turlag om tur og musikk i det fri. Årets fjelltoppkonsert 706 m.o.h. er det Chouk Bwa Libète frå fjellandet Haïti som står for.

Kulturens kraft i eit samfunn i endring er tittelen på Førdekonferansen 2016, som vert arrangert torsdag 7. juli i Førde. Her vert det stilt spørsmål om kulturen si rolle i tider med store samfunnsendringar. Kvifor kan nettopp kultur vere ei viktig endringskraft, og kan eit auka mangfald gå ut over norsk kultur, identitet og verdiar?

Artikkeltags