Det seier kulturminister Thorhild Widvey i ei pressemelding om tildelinga av prisen årets nynorskkommune i 2015.

Kulturministeren skildrar Førde som ein aktiv pådrivar for nynorsksatsinga, ikke berre i eigen by, men i heile regionen, ikkje minst gjennom arbeidet med å gjere Førde til ein nynorskby.

– Førde har fokus på språkarbeid, og har gjennom prosjektet «Nynorskbyen» knytta identiteten sin tett opp mot nynorsk språk. Kommunen har eit uttalt mål om å bli eit kraftsenter for nynorsk, seier ministeren i grunngjevinga.

Ordførar Olve Grotle tykkjer også at prisen er velfortent. Ofte taper nynorsken terreng i takt med urbanisering, men Førde jobbar aktivt for å ha nynorsken med i byutviklinga. Der kan 100.000 kroner i prispengar komme godt med.

– Desse pengane skal gå til noko som er med å vidareutvikle Førde som nynorskbyen. Det å vidareutvikle nynorskmiljøet til eit kompetansesenter er ein tanke som er i støypeskeia. Kanskje kan desse pengane verte første start på noko slikt, seier Grotle.