Eksklusivt møte med Marit Larsen styrkte draumen

Møtet med Marit Larsen (t.h.) kjem akkurat i rette tid for Martine Håland, som skal gå i studio med musikken sin.

Møtet med Marit Larsen (t.h.) kjem akkurat i rette tid for Martine Håland, som skal gå i studio med musikken sin. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

To av fylkets største songtalent fekk ein eksklusiv dag med Marit Larsen som mentor.

DEL

Marit Larsen har klart det dei begge drøymer om: å skrive songar som formidlar noko ekte og gjere musikken til leveveg. Gjennom kulturskulerådet sitt prosjekt «Talent møter mentor» fekk Martine Håland (18) frå Dale og Annika Beinnes (15) frå Høyanger bruke ein heil dag i Oslo med det felles forbildet som mentor.

– Det var ikkje vanleg mentorering som i eit klasserom. Det var meir motivasjon og inspirasjon. Det vi sat att med, var kjensla av at vi kan få til det vi vil, seier Martine.

– Eg sat att med ei inspirerande kjensle. Eg følte at eg var eit godt steg nærare å bli låtskrivar, songar og artist, seier Annika.

Klar for å gå vidare

For Martine kjem den nye inspirasjonen akkurat idet ho står på springbrettet til neste fase, med berre eit halvt år att på vidaregåande.

– Eg har søkt på folkehøgskule med musikk til hausten. Eg vil ha eit år med meining, samstundes som eg vil fokusere på musikken, seier Martine.

Ho har lenge hatt ein kriblande låtskrivar i magen, men det er ikkje før den siste tida at ho har følt seg klar til å dele musikken sin med andre.

– No føler eg meg klar. Eg skal starte innspeling ved eit studio i Bergen om ikkje så lenge, seier Martine.

Annika Beinnes har lenge vore fan av Marit Larsen. Etter å ha møtt ho verkar framtidsdraumen nærare.

Annika Beinnes har lenge vore fan av Marit Larsen. Etter å ha møtt ho verkar framtidsdraumen nærare. Foto:

Drøymer om pop

For 15-årige Annika er ikkje planane like klare, men det betyr ikkje at draumane ikkje lever.

– Marit Larsen var den første konserten eg var på i Førde. No som eg har møtt personen bak songane er eg blitt endå større fan. Då eg sat og venta på flyet heim, tok det til å rulle inn tekstar til songar. Eg føler ikkje eg heilt har knekt koden til å skrive songar, men eg er eit steg nærare, seier Annika.

Annika har markert seg som eit talent innan fleire sjangrar, og står med ein fot stødig planta i den klassiske musikken.

– Eg vil halde alle dører opne, men barndomsdraumen er å halde på med popmusikk, seier Annika.

For vegen vidare har ho ikkje lagt nokon detaljert plan, anna enn å halde fram på det same, gode sporet.

– Eg skal ta musikkutdanning, så får eg sjå kvar musikken fører meg, seier Annika.

Første av tre år

Mentormøtet er det første i eit treårig prosjekt der kulturskulane i Førde/Naustdal og Fjaler/Hyllestad deler ein plass. Dei andre kulturskulane som deltek i prosjektet held til i Kongsberg, Kristiansand, Stjørdal og Tromsø.

Prosjektet inkluderer både kompetanseheving blant lærarar og leiarar, ein årleg kulturskulepris og «Talent møter mentor» der det lokale styret vel ut spesielt dyktige lokale utøvarar som får møte ein mentor som er utvald for akkurat dei.

– Kvar runde vil mentor verte tilpassa dei talenta vi har lokalt. Neste gong vert det noko anna enn song, seier Trude Skarvatun ved Førde kulturskule.

Artikkeltags