30 år med Førdefestivalen. Publikum har valt sine favorittar

POLSK GJENSYN: Trioen Kroke kjem tilbake til Førdefestivalen for tredje gong.

POLSK GJENSYN: Trioen Kroke kjem tilbake til Førdefestivalen for tredje gong. Foto:

KULTUR: Den polske trioen Kroke står øvst på ønskelista. I år vert Førdefestivalen arrangert for 30. gong, og då har publikum valt kven dei vil høyre igjen.

DEL

– Den polske stjernetrioen Kroke var her i 1998 og i 2010, og det blir stor stas å få dei tilbake, uttalar den nye direktøren i Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, Per Idar Almås, i ei pressemelding.

Spurde om forslag på Facebook

Førdefestivalen vart skipa i 1989, og sommaren etter var det klart for den første festivalen. I samband med jubileet vil arrangørane gi ei ekstra gåve til publikum, og i desember oppmoda dei følgjarane sine på Facebook til å kome med forslag til artistar dei vil ha tilbake på scena i Førde.

Andre jubileumsartistar er svenske Triakel og det svensk-norske festbandet Sver. Frå Serbia kjem Marko Markovic Brass Band.

FAVORITT: Marko Markovic kjem frå Serbia med trompet.

FAVORITT: Marko Markovic kjem frå Serbia med trompet. Foto:

Marko Markovic må vel reknast som ein av dei beste trompetistane i verda. Han var i Førde i 2010, då som ein del av bandet til faren, Boban Markovic. Og er altså blant publikumsfavorittane og ønskt tilbake.

Jubileumsartistane får sine eigne konsertar, og vert også presenterte på festivalgallaen 6. juli.

Fleire sterke kvinnestemmer

Førdefestivalen har lang tradisjon med å sterke kvinnestemmer. The Forbidden Orchestra er fem kvinnelege musikarar frå ulike musikktradisjonar som har slege seg saman for å formidle likskap og musikalsk ytringsfridom.

ULOVLEG: The Forbidden Orchestra spelar på instrument som har vore forbodne for kvinner.

ULOVLEG: The Forbidden Orchestra spelar på instrument som har vore forbodne for kvinner. Foto:

– Dei faktum at dei spelar på instrument som i utgangspunktet er eller var forbodne for kvinner, understrekar bodskapen i prosjektet, seier den nye festivaldirektøren.

Førdefestivalen har også løfta fram fadomusikken frå Portugal, og denne gongen kjem Sara Correia, rekna som det nyaste og heitaste fadonamnet i verda, ifølgje Førdefestivalen.

Det endelege festivalprogrammet vert presentert på Larris Scene i Førde 4. april.

HEITT NAMN: Fadosongaren Sara Correia.

HEITT NAMN: Fadosongaren Sara Correia. Foto:

SVER: Svensk-norsk folkemusikkband med internasjonal suksess.

SVER: Svensk-norsk folkemusikkband med internasjonal suksess. Foto:


Artikkeltags