Teaterfestival tok imot fylkeskulturprisen

FEKK PRIS: F.v Karen Marie Hjelmeseter (Sp), leiar i nærings-og kulturutvalet, Ingrid Hansen, fylkesordførar Jenny Følling (Sp), og Miriam Prestøy Lie.

FEKK PRIS: F.v Karen Marie Hjelmeseter (Sp), leiar i nærings-og kulturutvalet, Ingrid Hansen, fylkesordførar Jenny Følling (Sp), og Miriam Prestøy Lie. Foto:

KULTUR: Tysdag fekk Miriam Prestøy Lie og Ingrid Hansen prisen overrekt av fylkesordførar Jenny Følling ved opninga av tingsetet på Fylkeshuset i Leikanger.

DEL

Det skriv fylkeskommunen i ei pressemelding tysdag føremiddag.

I november blei det kjent at det var Teaterfestivalen i Fjaler fekk fylkeskulturprisen.

– Teaterfestivalen i Fjaler har synt at det er mulig å syne scenekunst på nasjonalt og internasjonalt nivå også i distrikta. Dei er gjennom sitt arbeid til inspirasjon for andre, sa leiar i hovudutval for næring og kultur, Karen Marie Hjelmeseter, då ho presenterte prisvinnaren.

Torkil Sandsund og Miriam Prestøy Lie starta Teaterfestivalen i Fjaler i 2013. Ingrid Hansen har vore med som festivalprodusent sidan starten. Dei fortel sjølv at dei legg vekt på å vere ein samfunnsengasjert festival som skapar møtepunkt mellom kunsten og bygda på fleire nivå.

– Teaterfestivalen i Fjaler ser etter kvalitet og nyskaping. Dei har gjennom sitt arbeid tilført det profesjonelle kulturlivet i fylket nye dimensjonar. Dei gir oss som innbyggjarar tilgang til nye opplevingar. Teaterfestivalen trekkjer fram viktige samfunnsspørsmål og gjere dei aktuelle på nye måtar, sa Hjelmeseter.



Artikkeltags