– Vi og Malakoff har lyst å prøve noko nytt

FLYTTAR: I 10 år har NRK SommarLutt vore på sentrumsscena på Nordfjordeid til eit telt på festivalområdet. Her frå SommarLutt 2016 då Indigo Child spelte.

FLYTTAR: I 10 år har NRK SommarLutt vore på sentrumsscena på Nordfjordeid til eit telt på festivalområdet. Her frå SommarLutt 2016 då Indigo Child spelte. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

EID: I år flyttar NRK si sending på Malakoff frå sentrumscena og inn på festivalområdet. Det blir SommarLutt direkte på radio med liveartistar som Eva Weel Skram, Oselie og Sofia Hyttedalen.

DEL

– Vi og Malakoff har lyst å prøve noko nytt etter ti år på sentrumsscena. Denne gongen satsar vi på å lage to levande radiosendingar med livemusikk frå dei ulike scenene, det blir artistgjester, og vi skal sjølvsagt ut og møte publikum, arrangørar og frivillige.

Det seier programleiarane for sendinga Stian Sjursen Takle og Tone Lin Støfring Skovro i NRK Sogn og Fjordane, i ei pressemelding.

Det er tiande året på rad at NRK er på plass med eiga sending frå Malakoff Rockfestival. i år vert sendinga flytta frå sentrumscena på Nordfjordeid og inn i eit eige lite NRK-telt på festivalområdet.

– Målet vårt er å lage god radio for alle, frå det som er blitt ein av dei største festivalane i landet. Vi inviterer også publikum bortom for å få meg seg litt av sendinga eller berre for å slå av ein prat.

Lokale artistar

På laurdag blir det livekonsertar frå Malakoff direkte i NRK SommarLutt-sendinga mellom klokka 14 og 16.

Då vil du få oppleve lokale artistar som Sofia Hyttedalen, Oselie og ikkje minst Eva Weel Skram live på scenene til Malakoff. Dei kjem sjølvsagt også innom NRK-teltet som gjester. Det gjer også Kjartan Lauritzen som skal avslutte heile festivalen på laurdagskvelden.

Du kan høyre sendingane på DAB, mobil, nettradio eller der du elles høyrer radio.

Artikkeltags