Fylkespolitikarar skal drøfte utviding av bokbåten til heile Vestland fylke

VURDERER: Etter over femti års fartstid kan bokbåten Epos frå 1. juli neste år vera historie i Hordaland. (Foto: Stian Wiik / Hordaland fylkesbibliotek).

VURDERER: Etter over femti års fartstid kan bokbåten Epos frå 1. juli neste år vera historie i Hordaland. (Foto: Stian Wiik / Hordaland fylkesbibliotek). Foto:

Av

I samband med at Hordaland og Sogn og Fjordane frå nyttår blir eitt fylke, bør ein diskutera om bokbåttenesta skal utvidast til heile Vestland fylke, meiner fylkesrådmannen i Hordaland.

DEL

Ei utviding av bokbåttenesta til heile den nye fylkeskommunen er ei av sakene som står på dagsorden når fylkesutvalet for kultur, idrett og regional utvikling i Hordaland samlast til møte tysdag 19. mars.

Av dei to fylkeskommunane er det i dag berre Hordaland som har avtale med bokbåten Epos. Men avtalen gjeld berre ut august. I første omgang blir utvalet i Hordaland difor oppmoda til å forlengja bokbåtavtalen for eige fylke ut året.

Samtidig blir det rådd til at ei utviding av bokbåttenesta til heile Vestland fylke blir ein del av drøftingane i budsjettprosessen for 2020.

Utfordrande geografi og busetnad

I Sogn og Fjordane blei ordninga med bokbåten Epos avvikla frå 1. september 2015. I utgreiinga peikar fylkesrådmannen i Hordaland likevel på at mobile bibliotektenester blir viktig for å sikra eit likeverdig bibliotektilbod i det nye storfylket.

Det blir vist til at Vestland fylke er eit fylke med vid geografisk utstrekning og at vesentlege delar i begge dei noverande fylka, blir område med spreidd busetnad og få innbyggjarar.

– Det inneber vesentlege forskjellar i bibliotektilbodet i ulike delar av det nye fylket, heiter det i sakspapira frå fylkesrådmannen i Hordaland.

Vedtak forpliktar

Fylkesrådmannen viser samtidig til tidlegare politiske vedtak som forpliktar i høve til det å gje alle innbyggjarane eit godt bibliotektilbod. I regional kulturplan for Hordaland 2015–2025 er det mellom lagt opp til at fylkeskommunen skal halda fram med å drifta og utvikla bokbåten som eit utjamnande bibliotektilbod.

Det blir vidare vist til at regional plan for kultur i Sogn og Fjordane har kultur for alle som overordna mål.

I tilrådinga si rår fylkesrådmannen i Hordaland til at bokbåttenesta for heile Vestland fylke blir tema i samband med budsjettet for 2020. Dersom bokbåttenesta blir utvida til å omfatta heile det nye fylket, reknar fylkesmannen med at det vil kosta totalt 2,3 millionar kroner kvart år.

Viss det ikkje er stemning for å halda fram med bokbåten, meiner fylkesrådmannen pengane bør brukast til å oppretta tilskot til andre bibliotektilbod med utjamnande effekt. Det kan til dømes vera såkalla modellbibliotek, fornying av biblioteklokale, meiropne bibliotek og nye bibliotekbussar.

Artikkeltags