Dette huset slepp dei å måle

ROCK SOLID: Denne steinløa på Ikeland i Lindås kommune er ein av bygningane som Oddleiv Apneseth og Eva Røyrane viser fram i si heilt nye bok «Av stein». Å rive denne løa var utenkeleg for eigarane. Dei er nøydde til å spa møk frå 50 sauer ut av løa for hand.

ROCK SOLID: Denne steinløa på Ikeland i Lindås kommune er ein av bygningane som Oddleiv Apneseth og Eva Røyrane viser fram i si heilt nye bok «Av stein». Å rive denne løa var utenkeleg for eigarane. Dei er nøydde til å spa møk frå 50 sauer ut av løa for hand. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

GULEN: Gir ut ny bok om steinhus. Ein gard i Gulen viste seg å vere heilt spesiell.

DEL

– Mykje av det vi har funne, er heilt frå mellomalderen, seier Oddleiv Apneseth.

Saman med forfattaren Eva Røyrane gir han ut boka «Av stein».

Boka handlar om trapper, naust, hus, kjellarar og så vidare – med eitt fellestrekk: laga av stein, utan juks og fanteri som mørtel eller anna bindemiddel.

Kremeksempel i Gulen

Røyrane og Apneseth gav ut «Norges låver» i 2014, som ikkje er ei jusbok med skrivefeil i tittelen, men ei bok om løer landet rundt. Då dei laga denne boka, oppdaga dei kor mykje steinbygningar som fanst på Vestlandet. Dette blei inspirasjonen til den nye boka.

Apneseth har alltid vore fascinert av både arkitektur og tradisjonen med å bygge med stein.

– Det er påfallande å reise rundt og sjå kvaliteten på steinen. Nokre stader har dei kunna gå rett ut av døra og plukke velkløyvde steinar å bygge med. Andre stader har dei fått til gode murar med elendig stein, som likevel har stått i hundrevis av år, seier Apneseth.

Ein stad skilte seg ut: Molde-garden i Gulen. Denne har fem hus i tunet sitt, og alle husa er kledd med stein på ein eller annan måte.

GARD AV STEIN: Frå Molde gard. Løa til venstre, våningshuset og eldhuset til høgre.

GARD AV STEIN: Frå Molde gard. Løa til venstre, våningshuset og eldhuset til høgre. Foto:

Sauehuset på Molde-garden i Gulen.

Sauehuset på Molde-garden i Gulen. Foto:

– På Molde har dei hatt ein kombinasjon av god stein og veldig fint handverk, seier Apneseth.

– Få gardstun kan skilte med ei så fin samling steinhus. Her er murarbeidet spesielt vakkert og husa er svært godt vedlikehaldne, seier forfattaren Eva Røyrane.

Stein var tingen

– Kvifor bygde dei ikkje berre med plankar?

– Viss du ser på bilde frå Norge rundt 1900-talet, vil du sjå at det er veldig lite skog igjen. På den tida var ressursane og fattigdommen her heilt motsett av no. I tillegg var det slik at om du rydda eit felt på gardsbruket ditt på Vestlandet, fekk du enorme mengder stein. I tillegg har skogen på Vestlandet tresortar som rotnar veldig fort. Så det er fleire faktorar, seier Apneseth.

FOTOGRAFEN: Oddleiv Apneseth kjem frå Jølster, men er busett i Bygstad. Apneseth har lang fartstid som fotograf og har vunne ei rekke prisar. Han har studert lokalhistorie, jobba på museum og har alltid vore interessert i gamle bygningsstrukturar.

FOTOGRAFEN: Oddleiv Apneseth kjem frå Jølster, men er busett i Bygstad. Apneseth har lang fartstid som fotograf og har vunne ei rekke prisar. Han har studert lokalhistorie, jobba på museum og har alltid vore interessert i gamle bygningsstrukturar. Foto:

Steinbygningane og -strukturane i boka varierer i alder. Mange av dei er umogleg å tidfeste.

– Vi veit at mykje av det er middelaldersk, seier Apneseth.

FEGATE I GULEN: Denne fegata, kalla Geila, er den gamle ferdslevegen som dyra brukte frå fjøsen til beitet i utmarka.

FEGATE I GULEN: Denne fegata, kalla Geila, er den gamle ferdslevegen som dyra brukte frå fjøsen til beitet i utmarka. Foto:

Kjøleskap av jord

I arbeidet med boka har Røyrane og Apneseth vassa i jordkjellarar.

– Desse fungerte som eit kjøleskap utan stikkontakt. Det var svalt i desse kjellarane om sommaren, og temperaturen heldt seg mellom fire og åtte grader gjennom heile året. Det var nødvendig å ha jordkjellar for å bevare mat som grønsaker og slikt, seier Apneseth.

Artikkeltags