Kjartan Lauritzen nominert til to P3 Gull-prisar

DOBBELNOMINERT: Kjartan Lauritzen (som eigentleg heiter Per Áki Sigurdsson Kvikne) er nominert til to prisar i årets P3 Gull.

DOBBELNOMINERT: Kjartan Lauritzen (som eigentleg heiter Per Áki Sigurdsson Kvikne) er nominert til to prisar i årets P3 Gull. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

BALESTRAND: Han kan vinne prisen for «Årets nykommar» og «Årets liveartist».

DEL

– Det er jo heilt spesielt. Eg hadde ikkje forventa å få den anerkjenninga. Det er ekstremt hyggeleg, seier rapparen frå Balestrand.

P3 Gull er eit årleg musikkshow der ei rekke prisar blir delt ut på direktesendt NRK.

Artistar som Kygo, Astrid S, Karpe Diem og Kaizers Orchestra har tidlegare stukke av med prisane som Kjartan Lauritzen er nominert til.

– Eg hadde ikkje forventa nokon av nominasjonane, spesielt ikkje «årets liveartist». At eg er nominert til begge to er heilt latterleg å tenke på, seier Lauritzen.

Programleiarane i år blir Leo Ajkic og Live Nelvik. Dei skal dele ut følgande prisar den 25. november:

  • Årets nykommer og P3-prisen, som blir bestemt av ein jury.
  • Årets liveartist og årets låt, som blir avgjort av stemmer som alle kan avgi på P3-gull si nettside.

Innhaldsrikt år

Kva er det du gjer riktig live?

– Eg har det kjekt og gjer det eg føler for. Eg trur folk ser at vi har det gøy på scena, og det smittar. Vi tar ikkje oss så høgtideleg, tullar, har det gøy og er spontane. Då blir ingen show like, seier Lauritzen.

22-åringen frå Balestrand har hatt stramt program i år. Han har spelt på festivalar og scener som Bergenfest, Slottsfjell, Malakoff, UKA i Trondheim og Rockefeller i Oslo.

I haust gav han ut EP-en «Fenomenet», som handlar om reisa som artist så langt.

– Eg føler plata har blitt veldig godt mottatt. To av låtane har vore på P3 si speleliste, og folk kan allereie songane når eg har spelt dei live. Det verkar som at folk likar den, seier Lauritzen.

Les meir om rapparen:

«Porno»

Ei av låtane er fint kalla «Porno». I musikkvideoen til denne låten ranar Lauritzen Joker-butikken i Balestrand, før han går til innkjøp av ein Volvo 240 med pengane.

Denne Volvoen var å sjå i musikkvideoen til låten Nyte D frå tidlegare i år.

– Vi tenkte det hadde vore kult å fått historia om kor Volvoen kom frå. Den einaste måten å få nok pengar til ein slik bil på bygda, er å rane lokalbutikken, seier han og legg til at dei på lokalbutikken var veldig samarbeidsvillige.

Må sette av datoar i 2018

Lauritzen er allereie booka til fleire festivalar neste år, mellom anna Slottsfjell, Bergenfest, Malakoff, Pstereo i Trondheim og Rakettnatt i Tromsø. Utover dette er planen hans for framtida:

– Å lage meir gøy musikk, og ha det gøy med å lage musikk. Og gjere andre gøye ting. Så får vi berre sjå kor langt dette går, seier Kjartan Lauritzen.

Artikkeltags