Lærar frå Sogn og Fjordane sikta for grove overgrep mot barn på nett

No er mannen i 40-åra varetektsfengsla i fire nye veker.

DEL

Ein mann i 40-åra er sikta for seksuelt krenkande åtferd, som skal ha skjedd via nettet.

Ifølge NRK Sogn og Fjordane skal mannen ha jobba ved ein vidaregåande skule i Sogn og Fjordane.

– Dette er ei svært alvorleg sak, som vi prioriterer høgt å få etterforska. Vi har gjort ransakingar og gjort beslag både i heimen og på arbeidsplassen. Beslaga er sikra og delar er gjennomgått, seier Kristine Knutsen-Berge, politiadvokat ved Vest politidistrikt til NRK SFJ.

Nektar straffskuld

Politiadvokaten går ikkje innpå kor mange fornærma det er, eller kva dei meiner han har gjort.

– Han var i avhøyr i går og samarbeider bra med politiet. Eg kan ikkje gå i detalj på mannen sine forklaringar, men han nektar straffskuld, seier Knutsen-Berge til NRK.

Forsvararen til mannen, Arvid Melling, fortel dette til statskanalen:

– Mannen erkjenner ikkje straffskuld slik siktinga ligg føre no, seier Mellingen.

Rektor ved den aktuelle skulen seier til NRK at både elevar og tilsette er informerte om pågripinga, og at skulen går som normalt.

Artikkeltags