Politiet rykte ut til melding om vald: – Ein person tatt med til avhøyr

FØRDE: Politiet rykte ut fredag ettermiddag etter melding frå naboane, ein person er tatt med til avhøyr.

DEL

Vi fekk melding frå naboar som har høyrt at nokon var høglydte frå ei leilegheit på Bergum, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Stein Rune Halleraker.

Halleraker fortel til Firda at det ikkje var like dramatisk som det høyrdest ut.

– Det var nok ei overdriven melding. Vi hadde kontroll då vi kom på staden, men vi har tatt med oss ein person til avhøyr, seier operasjonsleiaren og legg til:

– Ingen har blitt skadd, men det er noko som har skjedd her som vi no skal sjekke opp i.

Artikkeltags