Seint fredag kveld rykka politi og brannvesen ut til ein automatisk brannalarm på ei adresse i Florø. Der kunne dei konstatere at det var ingen opne flammar, berre mykje røyk. Årsaka skal ha vore svidd mat.

I samme byen kom politiet også over ein mann som tilsynelatande hadde falt og slått seg kraftig. Mannen blei køyrd til lege, og deretter heim.

Ei roleg natt i Førde, der politiet måtte rykke ut til ei overstadig rusa kvinne på ein utestad. Då dei trappa opp kvikna ho til og klarte å forlate utestaden for eiga maskin.

Det har også vore påkøyrsel av hjort både i Jølster og i Askvoll. Ingen av førarane skal ha komme til skade, og hjorten forsvann i begge tilfella frå staden. Viltnemnda blei varsla.

Klokka 8.00 i dag tidleg gjennomførte politiet promillekontroll ved Dale. Ingen av dei 54 kontrollerte køyrde med promille, men éin fekk forenkla førelegg for mobilbruk.