Natt til tysdag 1. oktober i 2013 var den dømte og ein kompis ute for å finne måtar å finansiere sitt eige rusmisbruk. Dei braut seg først inn på ein lokal butikk. Der tok dei alkohol, tobakk, gåvekort, nesten 130.000 kroner i kontaktar og eit bankkort med kode som dei fann i kassen. Deretter tok dei seg inn i bustaden til ein kjenning og stal mellom anna klokker, smykke og ein kniv.
Same kveld nytta dei to bankkortet frå butikken til å ta ut nesten 10.000 kroner i kontaktar og til å få tak i diverse varer til ein verdi over 30.000 kroner i ulike butikkar.
Planlagt bedrageri
Eit år etter avtalte han å kjøpe ein bil til 14.000 kroner saman med ein annan kompis. For å lure seljaren til å tru at pengane var betalt viste dei ei utskrift frå nettbanken der betalinga var lagt til forfall. Etter at dei hadde fått bilen i hende let dei vere å overføre pengane dei skulda for bilen.
Noko seinare var den dømte og eit par andre på tur til Bergen. På vegen hadde dei sett seg ut ein crossmotorsykkel på finn.no som dei ville stele. Dei leigde ein hengar, tok seg til adressa om natta og tok med seg sykkelen.
I tillegg kjem vesketjuveri, fleire tilfelle av kjøp, oppbevaring og bruk av ulike typar narkotiske stoff og falsk forklaring til politiet for å hjelpe ein kompis.
I strid med menneskerettane
To og eit halvt år etter at dei grovaste lovbrota skjedde, og nesten halvanna år etter at det siste lovbrotet skjedde, fall endeleg dommen over desse handlingane i Fjordane tingrett.
Av dommen går det fram at den lange ventetida bryt med kravet i den Europeiske menneskerettskonvensjonen om handsaming innan rimeleg tid. Den lange ventetida kompliserte også Fjordane tingrett sin jobb i å fastsette den passande straffa.
Medan fleire av lovbrota tilseier utan vilkår fengselsstraff vel fleirtalet i retten å legge vekt på korleis den dømte har utvikla seg mellom lovbrota og dommen.
Snuoperasjon frå bestemor
Etter at bestemora døydde i fjor har han vore motivert for eit liv utan rus og kriminalitet, forklarte den dømte i retten. Han har vist dette gjennom ei positiv utvikling med Legemiddelassistert rehabilitering, arbeidspraksis med gode skottsmål frå NAV, kjærast og ordna buforhold det siste året.
Tidlegare har han vore i fengsel, utan at det har gjort noko for å få han til å endre kurs, men no trur han sjølv at han skal klare å bryte med det gamle mønsteret.
Ny sjanse
Fleirtalet i retten vel å ha tru på at dette kan lykkast, og dømmer han til 240 timar samfunnsstraff innan åtte månader. Om han ikkje innfrir krava vil han likevel måtte sone åtte månader i fengsel.
I tillegg må han betale erstatning på totalt 15.000 kroner til to av dei som har lidd tap under den dømte sine gamle synder.