Allereie klokka halv tolv natt til søndag måtte politiet gripe inn. Ein ung gut hadde lagt seg til i snøen i Førde. Politiet stabla guten på beina og sette han i ein drosje heim.

Klokka eitt i Øvre Årdal fekk politiet melding om to slåstkampar ved ungdomshuset. Då politiet kom fekk kamphanane roa seg, og vart sende kvar til sitt.

I Florø klokka halv to fekk politiet melding om skadeverk ved ein butikk på Evja. Ei kvinne i 20-åra hadde knust ei rute i ei dør og vart funnen inne i butikken. Ho hadde skadar i eine handa, som vart sett til av helse.

Ho er no meld for skadeverk. Det er ifølgje politiet ingenting som tyder på at kvinna hadde som mål å stele frå butikken.

Kvart på tre i Førde vart ein mann meld for urinering i Storehagen.

Til slutt, nærare klokka tre i Høyanger, melde ein mann at han var slått til fleire gongar av ein namngjeven person. Det er ikkje personskade, men mannen vil melde forholdet til politiet.