Det har vore ein omfattande tvistesak Fjordane Tingrett har teke stilling til no i vår. Konflikten har stått mellom medlemmer i MC klubben Devils Choice i Florø.

Dette skriv Firdaposten.

Det er sju medlemmer som har saksøkt medlemmene Stian Sandvik Dolve, og Knut Einar Grønsberg. Konflikten botnar i eigarskapen til tomt og klubblokala dei har nytta på Botnastranda.

Store verdiar

Tomta på 1.3 mål og bygningane på den har ein marknadstakst på 5.5 millionar kroner.

Motorsykkelklubben Hammer MC vart skipa i 1998. Stian Sandvik Dolve, og Knut Einar Grønsberg er dei einaste medlemmene igjen av dei som starta klubben, men no vart dei saksøkte av dei andre og morsklubben dei er ein del av.

I starten leigde klubben klubbhus, men dei starta tidleg eit arbeid med å få tak i tomt til eit nytt klubbhus. I november 2003 etablerte dei Botnastranda Invest DA. Då var det fire medlemmer i klubben og desse eigde ein fjerdepart kvar. Avtalen mellom medlemmene i selskapet året etterpå peika på at om ein av eigarane trekk seg eller forlèt Hammer MC skal eigardelen gå vederlagsfritt til ein annan av klubben sine medlemmer.

Problem med personleg økonomi gjorde at ein av medlemmene ikkje kunne delta som eigar. To av dei andre medlemmene slutta i 2007 og i 2009 og overførte sine partar til Dolve og Grønsberg. Desse vart i retten rekna som eigarane av selskapet som hadde hand om tomta og klubblokala på Botnastranda.

I mars 2011 knytte MC-klubben seg til Hog Riders MC Norway og klubben endra namn frå Hammer MC til Hog Riders MC Florø.

Inn i Devils Choice

Seinare, i oktober 2013 vart florøklubben saman med fleire andre Hog Riders-klubbar i Norge knytt til den nasjonale Devils Choice MC Norway og klubben enda namn til Devils Choice MC Florø.

Konfliktar knytte til eigedomsverdiane i klubben gjorde at morsklubben Devils Choice Norway med støtte av sju av medlemmene i florøklubben ekskluderte Dolve og Grønsberg av sin eigen klubb og saksøkte dei deretter for å få hand om eigedommen og klubblokalet som står på Botnastranda. Tingretten har no frifunne Dolve og Grønsberg på alle punkt dei er blitt saksøkte på. Dei sju medlemmene er også dømt til å betale Dolve og Grønsberg 290.937 kroner og femti øre i saksomkostnader.

Vi tok kontakt med Nicklas Veiesund. Han er ein av dei sju som har saksøkt Dolve og Grønsberg for å få hand om verdiane i tomta og klubblokalet. Han har tittelen «Sergeant» i Devils Choice MC i Florø. Han kunne fortelje at han ikkje kjenner til dommen, han har ikkje fått den forkynt og hadde heller ikkje andre kommentarar knytt til saka. Han peika på at dette var noko han eventuelt måtte komme tilbake til.