Mann i 40-åra sikta for seksuelt krenkjande åtferd overfor barn

Av

Ein mann i 40-åra frå Sogn og Fjordane er sikta for å ha overgrepsmateriale og for å ha utvist seksuelt krenkande åtferd mot barn.

DEL

Mannen vart varetektsfengsla i fire veker 9. november, ifølge Fjordenes Tidende. Fengslinga vart grunngitt med fare for at han ville øydelegge bevis.

Den seksuelt krenkande åtferda som mannen er sikta for, skal ha føregått over internett, forklarer politiadvokat Kristine Knutsen-Berge i Vest politidistrikt til avisa. Ho opplyser at politiet etterforskar saka breitt og undersøker om det er fleire fornærma.

– Det er beslaglagt datamateriale og vi har starta gjennomgang av dette. Dette arbeidet er ikkje ferdig og vil halde fram i tida framover, seier Knutsen-Berge.

Artikkeltags