Væpna mann framsette trugslar – vart pågripen av politiet

Artikkelen er over 4 år gammel

Ein mann med ein revolverliknande-gjenstand vart pågripen på eit offentleg område av poltiet fredag.

DEL

– Det stemmer at vi har arrestert ein person. Det dreiar seg om ein mann i 40-åra, seier lensmann ved Førde og Naustdal lensmannskontor, Jan Egil Tvinde til Firda.

Hendinga som førte til arrestasjonen fann stad på området kring Sentralsjukehuset i Førde fredag.

Ein tipsar som Firda har snakka med, fortel at vedkommande kom gåande forbi området då to frå politiet tok hand om ein mann.

– Eg kom gåande til staden og forbi like før klokka ni om morgonen fredag. Eg la først merke til ein politibil, så såg eg to politimenn med ein mann mellom seg.  På bakken kring vedkommande låg det noko som likna ein pistol. Der låg og eit magasin og ammunisjon, fortel tipsaren til Firda.

Sikta for å ha bore våpen

– Han vart arrestert med noko som likna eit våpen. Det dreier seg om ein gasspistol, seier Tvinde.

Mannen i 40-åra som er arrestert er no sikta av politiet.

– Han er sikta for å ha framlagt trugslar og for å bere våpen eller ein våpenliknande-gjenstand på offentleg stad, seier Tvinde.

Varetektsfengsla i fire veker

Tvinde bekreftar at gasspistolen liknar ein vanleg revolver.

Mannen som er sikta er sett varetekt.

– Førebels er han varetektsfengsla i fire veker, seier Tvinde.

Artikkeltags