– Dei to gjekk saman frå sentrum

Ein mann vart arrestert og siktar for valdtekt etter at politiet fekk ei anmelding i slutten av førre månad.

Ein mann vart arrestert og siktar for valdtekt etter at politiet fekk ei anmelding i slutten av førre månad. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Politiet har fått forklaring frå både sikta og fornærma i valdtektssaken.

DEL

– Vi har no fått forklaring frå begge personane som var innvolvert i saken, seier lensmann ved Førde og Naustdal lensmannskontor, Jan Egil Tvinde til Firda.

Han snakkar om saka der politiet den 6. oktober rykka ut for å undersøke eit område i eit bustadfelt i Førde, etter at ei kvinne melde ei valdtekt.

Gjekk saman frå sentrum

Ein mann vart arrestert og sikta som følgje av meldinga frå kvinna. Valdtekta skal ha skjedd måndag den 28. september.

Politiet sleit lenge med å få avhøyrt vitnet, men har no fått snakka med vedkommande, som er ein mann i 30-åra. Tvinde kan ikkje seie så mykje om kva dei har fått vite i avhøyret av den sikta.

– Begge partar har stadfesta at dei møttast i sentrum. Etter ei stund, gjekk dei saman frå sentrum. Begge partar gjekk med frivillig, seier Tvinde.

– Har forklaringane frå dei to ført til at de har gjort endringar i siktelsen?

– Det er ikkje noko vi har gjort vurderingar rundt førebels, seier Tvinde.

Like trygt som før i Førde

Tysdag denne veka gjorde politiet nye undersøkingar i Førde, der skal det ha blitt gjort funn i området der valdtekta skjedde. Tvinde seier at det er for tidleg å seie noko om dette er knytt til hendinga.

Den sikta er sett fri, etter ha å vore i varetekt ei veke.

Tvinde fortel at det er politiet har fått ein del førespurnadar frå folk som lurere på om det er farleg i Førde. Han presiserar at siktelsen ikkje er for overfallsvaldtekt.

– Det er like trygt å opphalde seg i Førde no, som det var før denne hendinga, seier Tvinde.

Artikkeltags